Hopp til innhold

Mistenkelege kryss skapar frykt for innbrot

Huseigarar i Hardanger har oppdaga kryss på tomta deira. Politiet meiner det er signal til mobile vinningskriminelle om å slå til.

Tjuvar merkar bustader

KLAR BANE? Politiet trur slik merking som ein mann i Kvam oppdaga, kan vera teikn på at nokon planlegg å gjera innbrot.

Foto: PRIVAT

Plutseleg oppdaga mannen i Kvam i Hordaland at det var teikna kryss med svart tusj ulike stadar på tomta hans. Mellom anna på ein vedkubbe og på ein kantstein.

Denne typen kryss kan vere merking brukt av innbrotstjuvar eller mobile vinningskriminelle, meiner Kvam og Samnanger lensmannsdistrikt.

Teorien er at kryssa skal syne tjuvane kva hus det kan vere aktuelt å stele frå.

– Vi får av og til melding om litt rare merkingar på dørkarmar og andre ulike stader på huset. Det set vi i samanheng med om det kan vera nokon som er ute og sjekkar, og gjer seg klare til å gjera innbrot, seier lensmann Terje Sperrevik.

Konstituert lensmann i Os, Terje Sperrevik.

PASS PÅ! – Følg med og ta bilete av biler, skriv ned bilnummer dersom du ser noko mistenkjeleg, seier lensmann i Kvam, Terje Sperrevik.

Foto: Marion Solheim / NRK

– Ver vakne, ta bilete!

Kryssa kan vere plassert ved inngangsparti til hus eller ved vindauge og er ofte vanskelege å oppdage.

No oppmodar politiet via Facebook at for å unngå denne type merksemd frå eventuelle innbrotstjuvar, kan ein låse inn ting av verdi og ikkje ha det ståande synleg ute. Særleg ikkje om ein skal ut og reise.

Liknande merking er oppdaga andre stader dei siste åra, med myntar på trappa, gule lappar på postkassa eller papirlapp i dørsprekken øvst på ytterdøra.

Politiet oppmodar dei som ser ukjende, mistenkelege køyretøy i nabolaget, om å leggje merke til bilskilt eller ta bilete at det.

I tillegg ønskjer politiet kontakt med dei som finn kryss på tomta si.

– Vi tenkjer folk må vera vakne. Vere god nabohjelp, følge med og eventuelt ta bilete dersom ein ser noko mistenkjeleg, seier Sperrevik.

Tjuveribølge i vest

Det er få månader sidan politiet i Vest Politidistrikt sette 13 innbrot på ei og same helg i samanheng.

Samboerpar, tyveri

Astrid Inger Bernes (73) og Kåre-Jan Petersen (69) fann huset sitt endevendt etter ein helgetur.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Astrid Inger Bernes og Kåre-Jan Petersen opplevde marerittet då dei kom heim etter ei helg på Sørlandet, og oppdaga at listene på terrassedøra var fjerna og glaset fjerna.

Huset var endevendt etter gull og smykke.

– Det er skremmande. Ekkelt. Det er nesten sånn at eg ikkje veit om eg tør å legge meg på kvelden, sa Astrid Inger til NRK då.

– Det kan virke som om det er personar som reiser rundt i landet og driv på med dette, sa politioverbetjent Svein Føllesdal om innbrota.