Hopp til innhold

Mistenkeleg funn på Flesland

  • AKSJONEN PÅ FLESLAND ER OVER:

    Bombegruppa til politiet har fått undersøkt den mistenkjelege gjenstaden og har funne ut at den ikkje er farleg. Aksjonen på Flesland blir dermed avslutta og området som har vore sperra av politiet blir opna igjen.

  • BOMBEGRUPPA PÅ FLESLAND:

    Bombegruppa til politiet er no på plass på Bergen lufthamn Flesland. Her skal dei undersøke det mistenkelege funnet tidlegare i dag. Gruppa har mellom anna med seg hund dei vil bruke i undersøkinga.

    Politipatrulje på Flesland etter funn av mistenkeleg gjenstand
    Foto: Espen Hatlestad / NRK
  • VENTAR PÅ BOMBEGRUPPA:

    Bombegruppa som skal sjekka ut den mistenkelege pakken på Flesland skulle reisa frå frå Oslo kl. 08.00. Då NRK var i kontakt med politiet litt over kl. 9.00 var dei ikkje kome fram ennå. – Når dei kjem så gjer dei sitt arbeid og sjekkar pakken, og forhåpentlegvis er det ikkje noko og då avsluttar me aktiviteten vår, seier operasjonsleiar Lars Geitle i Hordaland politifistrikt.

  • BOMBEGRUPPE PÅ VEG TIL FLESLAND:

    Politiet si bombegruppe er på veg til Bergen Lufthamn Flesland for å sjekke ut ein mistenkjeleg pakke. Pakken ligg inne på eit område der publikum ikkje har tilgang og flyplassen blir ikkje evakuert. – Bombegruppa skal sjekke om det er ei bombe eller berre ein pakke som ikkje skulle stått der, seier operasjonsleiar i Hordaland Lars Geitle.