Hopp til innhold

Mistar førarkortet for alltid

Ein 28 år gamal mann er i Bergen tingrett dømd for promillekøyring, fleire store fartsoverskridelsar og køyring utan førarkort, skriv Bergensavisen. Mannen er tidlegare straffedømd, og er igjen dømd til 120 dagars fengsel og tap av førarretten for alltid.