Hopp til innhold

Mista nesten handa då fyrverkeriet gjekk av

SOTRA (NRK): Då Lars Helgheim skulle vise fram fyrverkeriet for ein ven, eksploderte det i handa hans. – Eg trudde eg hadde mista fleire fingrar.

Lars Helgheim

STOR SKADE: Det var store skader på handa til Helgheim etter ulukka.

Foto: Helena Viktoria Johnsen / NRK / PRIVAT

– Først trudde eg at eg hadde mista både peikefingeren og tommelen då eg såg ned på handa. Eg skjønte eigentleg ikkje kva som hadde skjedd, men eg merka at eg hadde ei enorm smerte i handa.

Lars Helgheim var 19 år gammal då han skulle vise ein kompis kor kraftig fyrverkeriet han hadde var. Han mista nesten handa då eit fyrverkeri gjekk av i handa hans for to år sidan.

Sprengde i handa

– Eg haldt ut handa, tente på og venta på at skotet skulle bli fyrt opp. Det skjedde ikkje. I staden for sprengde det i handa mi. Eg såg berre eit lys og høyrde eit smell, seier Helgheim.

Helgheim blødde så mykje frå handa at det var fare for at han skulle få blodtap. Kompisen hans passa på at han ikkje svima av, før Helgheim blei frakta til akutten på Haukeland universitetssjukehus.

I vekene etter måtte han gjennomgå fleire operasjonar for å redde handa si.

– Eg sprakk omtrent alle blodårene i handa. Eg blei operert to dagar etter nyttårsaftan. Under opphaldet fekk eg mykje morfin, så eg blei heilt slått ut.

Øyelege Nils Bull er vane med at folk skadar seg av rakettar. Han seier det er ekstremt farleg å leike med slike eksplosiv.

Det er ekstra unødvendig med slike skadar der ein openbert ikkje følgjer bruksrettleiing og ikkje brukar sunt vett. Å halde fyrverkeri i handa eller å demontere det, som gutar ofte gjer, er ekstremt farleg. Då kan du skade både auge og hender og andre delar av kroppen, seier Bull.

Skadd hand etter fyrverkeri

ANGRAR: Lars Helgheim angrar på at han ikkje tok fyrverkeriet meir på alvor. Handa fungerer framleis ikkje optimalt i dag.

Foto: LARS HELGHEIM / PRIVAT

Åtvarar andre

Helgheim jobbar med bilar, og blir dagleg minna på ulukka for to år sidan.

– Nerven til tommelen vart borte, og bøyescena til peikefingeren gjekk ikkje an å reparere. Det er ein skade eg kjem til å ha resten av livet – ein peikefinger som ikkje fungerer normalt. Når eg skal gjere eit stykke arbeid som eg ikkje får til skikkeleg grunna skaden, så minnast eg ulukka, seier han.

No vil Helgheim åtvara andre ungdommar som tenkjer at slike hendingar ikkje kan skje med dei.

Dei får truleg rett, for sjansen for at det skal skje dei er relativt liten. Men om det likevel skulle skje, så tapar dei så utruleg mykje. Ulempa med å ta på beskyttelsesbriller er veldig liten i forhold til den enorme gevinsten viss det går gale med akkurat deg.

Helgheim seier han hadde flaks som var i lag med ein kompis då ulukka skjedde.

– Eg kunne blødd i hel om eg hadde vore aleine og ikkje klart å tilkalle ambulanse. Eg blei veldig kald i handa og fekk kuldesjokk i fingrane. Det er flaks at det gjekk så bra, seier Helgheim.

Lars Helgheim

FLEIRE OPERASJONAR: Lars Helgheim har hatt fleire operasjonar i handa etter ulukka. I dag har han store arr i handflata.

Foto: Helena Viktoria Johnsen / NRK