Hopp til innhold

Mista last og trefte bil

Ein bilførar er meld til politiet for køyring med usikra last, etter å ha mista last frå ein tilhengar i Fritz C. Riebers vei i Bergen laurdag ettermiddag. Lasta trefte bilen bak, som fekk mindre materielle skadar. Det er ikkje meld om personskade, opplyser politiet.