Hopp til innhold

Mista kvar tredje veljar

Ordførar Herman Friele meiner Høgre i Bergen no må gjera bodskapen enklare og kraftigare.

 

Høgre i Bergen har mista kvar tredje veljar på tre månader.

Ifølgje ei lokal måling er oppslutnaden nede i 21,9%.

Etter Høgre sin nedtur er Arbeidarpartiet byens største parti, følgd av Framstegspartiet.

 

Herman Friele
Foto: Marit Hommedal / Scanpix

- Høgre må bli meir tabloid, og flinkare til å forklara kvifor ein bør stemma Høgre. Me har snakka for mykje om pengar, og pengar er jo berre eit middel. Målet vårt er å gjera det betre for innbyggjarane i Bergen, seier Høgreordførar Herman Friele.