Mista fleire tonn frukt i «Lena»

– Eg mista over halve plommeavlinga mi i ekstremvêret. Det er utruleg kjedeleg at dette skjedde no rett før haustinga, det er jo snakk om mykje pengar, seier fruktbonde Jørund Olav Grønsnes.

uvér

STORE ØYDELEGGINGAR: Ekstremvêret «Lena» har gjort at fleire fruktbønder på Vestlandet har mista store delar av fruktavlingane sine.

Foto: Magnar Velure

For fleire fruktbønder på Vestlandet vart konsekvensane av ekstremvêret «Lena» enorme.

– Det er heilt utruleg synd at dette skjer etter ein så fantastisk sesong. I år har frukta vore stor og av særs god kvalitet. Det er som at me tapar på oppløpssida, seier Grønsnes som er fruktbonde i Sørfjorden.

Halve avlinga tapt

Jørund Olav Grønsnes

SKUFFA: Fruktbonde Jørund Olav Grønsnes Mista over halve avlinga si i ekstremvêret i helga.

Foto: Privat

Totalt blei det sett 42 vindrekordar under ekstremvêret «Lena», anten i vindkast eller middelvind, som er målingar over ti minuttar. Og for somme fekk vêret store konsekvensar.

Fruktbonden har både eple- og plommeavlingar. For han er fleire tonn frukt tapt etter helgas uvêr. Det kjem til å koste dyrt, seier han.

– For epler er det snakk om kring 15 kroner kiloen. Prisen for plommer er kring det dobbelte, altså kring 30.000 kroner for eitt tonn, fortel Jørund.

Natt til laurdag vart meir enn halve plommeavlinga, og store delar av epleavlinga til fruktbonden øydelagt.

– Éin ting er tapte pengar. Men det er jo dette eg driv med, eg er jo oppteken av å levere god frukt. Det får eg ikkje gjort i like stor grad no, seier ein skuffa fruktbonde.

– No er det vel berre å rette seg opp i ryggen å sjå framover.

Tapte på målstreken

Plommer

SLAGSKADER: – Kraftig vind har gjort at plommene har fått slagskader og kan difor ikkje seljast vidare, fortel fruktbonde Magnar Velure.

Foto: Jørund Olav Grønsnes

Også Magnar Velure mista store delar av si avling i uvêret. Bonden avlar både eple og plommer på garden Velure i Sørfjorden.

– Det er trasig å tenkje på at det berre var snakk om dagar før me var i mål med avlingane. Det einaste som ikkje vart gjort var sjølve haustinga, så skulle avlingane bli henta om ei vekes tid. Me tapte liksom på målstreken, seier Velure.

Han legg til at fruktbønder alltid må ta høgde for at slike ting kan skje.

– Det er jo naturprodukt me held på med her, me er jo avhengige av vêr og vind. Det er klart me ikkje kan rekne med å alltid ha perfekte sesongar, men dette er store øydeleggingar. Hadde det vore like gale for alle fruktbøndene som det har vore for somme av oss, kunne det blitt katastrofalt.

Men at det har vore ein særs god sesong for fruktbøndene tidlegare i år, gjer at det ikkje berre ser mørkt ut ifølgje Velure.

– Klarer me oss resten av sesongen no utan dei store utfordringane, vil me nok klare oss greit likevel.

Mista eitt tonn epler

DYRT: Fleire tonn med tapt frukt vil koste fruktbøndene dyrt. Eitt tonn epler vil koste bøndene 15.000 kroner.

Foto: Jørund Olav Grønsnes

Siste video

Har vunnet Statoil talentstipend på en million kroner.
Den tre kilometer lange tunnelen gjennom Løvstakken kan komme til å koste opp mot 150 millioner kroner.
Gjengen i Stjernekoret har sunget sammen i flere år, men i høst bestemte dirigenten at koret skulle prøve noe helt nytt.