Det var klokka 07.00 at politiet fekk melding om at ein lastebil hadde mista drivstofftanken ved bybanesporet på Danmarksplass. Uhellet har ført til stilleståande kø i fleire timar. Klokka 09.20 går det framleis svært sakte i retning sentrum.
– Køen står til Nordås er dei siste meldingane vi har fått, seier operasjonsleiar Jan Tore Heggholmen i politiet.
Han fortel at det er 75 liter diesel som har lekt ut på Danmarksplass. Det har også rent diesel ned i ein kommunal kum. Kommunens vaktsentral er varsla og også Kystverket har fått beskjed i tilfelle forureining.
– Det er svært, svært glatt i køyrebana over Danmarksplass no. Medan vi jobbar på staden så er eitt felt stengt og det er det som gir dei lange køane, forklarar Heggholmen.
Rydda
Klokka 10.30 er det rydda på Danmarksplass og det sperra feltet er opna att. Trafikken går no som normalt att.
Om mogleg dieselforureining, har det vore ein slamsugerbil på staden men det er ukjent for politiet kor mykje dei har klart å få opp frå kummen.