Hopp til innhold

Misser truleg Le Mans

Racerbilføraren skadd under billøp i Belgia i går. No kan årets høgdepunkt ryka for Ebbesvik.

Thor-Christian Ebbesvik i Le Mans
Foto: TCE Racing

Racerbilføraren Thor-Christian Ebbesvik misser truleg 24-timarsløpet på Le Mans. Bergensaren vart skadd under eit bil-løp i Belgia i går.

Løpet var årets store mål for racertalentet.

Å misse løpet vil vera utruleg bittert, seier Ebbesvik frå sjukesenga i Belgia.

Skulle vera den første på 19 år

– No er eg langt nede. Eg køyrde kanskje mitt livs beste løp, men vart påkøyrd av ein konkurrent. Eg har fått beskjed om at årets høgdepunkt mest sannsynleg ryk, seier Thor-Christian Ebbesvik til NTB.

Thor-Christian Ebbesvik

Ebbesvik er no innlagt på sjukehus i Belgia.

Foto: tce-racing.com

Ebbesvik skulle bli den fyrste nordmannen på 19 år til å køyre 24-timarsløpet på Le Mans.

26-åringen er no innlagt på sjukehus med brot i ryggen.

LES OGSÅ: – På grensen til sensasjon

Køyreforbod i seks veker

Skaden gjer at Ebbesvik har fått køyreforbod i seks veker.

24-timarsløpet på Le Mans går 12. og 13.juni.

Thor-Christian Ebbesvik

24-timarsløpet på Le Mans skulle bli årets høgdepunkt for racertalentet.

LES MEIR : Håper på Le Mans neste år | Ebbesvik vant i England