Hopp til innhold

– Er ein prinsippsak for oss

Blinde og svaksynte kan ikkje nytta automatane til å kjøpa bybanebillett. – Dette er diskriminering på høgt plan, meiner Norges Blindeforbund Hordaland (NBH).

Video Bybanebillett er vanskeleg for blinde og dei med nedsett syn

SJÅ VIDEO: Norges Blindeforbund Hordaland etterlyser billettautomatar som er tilpassa blinde og svaksynte.

– Er dette billettautomaten?, spør Lise Bakkan.

– Eg leitar etter nokre knappar eg kan trykkja på, legg ho til.

Med ein førarhund i den eine handa er det tydeleg at ho ikkje har eit like godt syn som dei fleste andre, og billettautomaten er ikkje utforma for blinde eller dei med nedsett syn.

– Ein kjenner seg hjelpeslaus og veldig handikappa, seier Bakkan.

– Grov diskriminering

I fylgje ei pressemelding opplyser NBH at dei under årsmøtet vedtok ein resolusjon til Skyss, der automatane vert definerte som «grov diskriminering av blinde og svaksynte og et klart brudd på Diskriminerings- og likestillingsloven som trådte i kraft 1.januar i 2009».

NBH meiner også at omsynet til blinde og svaksynte sine særlege behov og forslag til forbetringar har vore fråverande i prosessen med førebuing og igangsetjing av Skyss sitt billettsystem ved bybanen i Bergen.

– Dei var innstilte på å tilretteleggja automaten med både lyd og kanskje nokre knappar. Det har ikkje vorte gjort, og dette går attende til så seint som i 2006, seier Helen Aareskjold, leiar for NBH.

Helen Aareskjold

Leiar for NBH, Helen Aareskjold, leitar etter hjelpemiddel for å løysa billett.

Foto: NRK

– Tek det på alvor

Skyss er dei som planlegg, kjøper og marknadsfører kollektivtransporttenester som Hordaland fylkeskommune har ansvar for.

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg vedgår fylgjeleg at billettautomatane til bybanen ikkje held stand for blinde og svaksynte.

– Me tek det veldig alvorleg og vil prøva å tilretteleggja så godt me kan, seier ho, og viser til at eventuelle endringar må vurderast med tanke på kostnadar forbunde med omforming.

– Men viljen til å få det skikkeleg og at det skal vera universelt utforma er veldig stor, legg Selsvold Nyborg til.

Gratisbillett som kompensasjon

Blinde eller svaksynte som ikkje har klart å løysa billett, har til no fått fortsetja reisa utan krav om straffegebyr.

NBH opplyser at dei ikkje ynskjer ein slik særbehandling, men vil at blinde og svaksynte skal ha same rettigheitar og plikter som andre.

– Kanskje vil dei vanlege reisande påstå at me vil vera nøgde med å reisa gratis, men for oss er det eit prinsipp, seier Aareskjold.