Hopp til innhold

Mira (16) blei forbikøyrd av fleire bilar medan ho låg i grøfta

BØMLO (NRK): Ved ein oversiktleg vegstrekning skal Mira Madsen (16) ha lege skada i ein grøftekant utan å få hjelp frå medtrafikantar. – Dette er svært alvorleg, seier lensmannen på Stord.

Mira Madsen

SJOKKERT: Mira Madsen (16) skal ha blitt pressa utfor vegen av ein varebil. Medan ho låg skadd i grøfta, køyrde fleire bilar rett forbi. Her er ho tilbake på ulukkesstaden dagen etter.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

– Eg fekk ein telefon frå jenta mi som grein og ropa «mamma, eg har krasja, og ingen stoppar», fortel Linda Madsen Helvik frå Bømlo.

– Eg blei jo heilt fortvila.

I ein skarp og smal sving ved Erslandsvatnet måndag føremiddag skal den 16 år gamle dottera Mira Madsen, som køyrde scooter, ha blitt pressa utfor vegen av ein varebil. Idet ho køyrde opp på vegen igjen, mista ho balansen, og mopeden krasja i ei steinrøys. Mira fauk to meter ut i vegbana.

– Då eg skjønte kva som skjedde, tenkte eg at eg var ille ute. Det neste eg hugsar er at eg låg på vegen, og scooteren låg i grøfta, fortel Mira.

16-åringen klarte å krypa inn på sida av vegen, der ho vart liggande.

– Det køyrde mange bilar forbi, men ingen stoppa. Eg blei veldig fortvila og forstod ikkje kva som skjedde. Eg var rett og slett i sjokk.

Politiet: – Svært alvorleg

Då mor Linda Madsen Helvik var komen fram til staden, var det endeleg nokon som hadde stoppa.

– Min første reaksjon då eg såg at ho var heil, var at eg blei sint. Kvifor var det ingen som stoppa?

Mira blei sendt til sjukehuset på Stord, men slapp unna med lettare skadar.

– Eg må vera takknemleg for at eg framleis er her, seier 16-åringen.

Linda Madsen Helvik og Mira Madsen

TILBAKE: Linda og Mira Madsen var tysdag tilbake i svingen ved Erslandsvatnet, der ulukka fanns tad.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

​At den 16 år gamle jenta skal ha blitt forbikøyrd av fleire bilar, medan ho låg skada i grøfa, meiner lensmann Roald Raunholm på Stord er svært alvorleg.

– Viss det er tilfelle, er det beklageleg og alvorleg. Alle har ei plikt til å stoppa, og tilby den hjelpa som er naudsynt i situasjonen.

§12 i Vegtrafikklova fortel at ein er pliktig til å stanse ved trafikkuhell.

Enhver som med eller uten skyld er innblandet i trafikkuhell, skal straks stanse og hjelpe personer og dyr som er kommet til skade, og for øvrig delta i de tiltak som uhellet gir grunn til. Denne plikt har, om det er nødvendig, også andre som er i nærheten eller som kommer til stede.

Vegtrafikklova § 12 / Vegtrafikklova § 12

– Viss du bryt denne paragrafen, medfører det straffeansvar, seier Raunholm.

Kvir seg til å køyra moped igjen

Etter hendinga er Mira Madsen redd for å setta seg på mopeden igjen.

– Eg er ganske usikker på korleis det kjem til å gå når eg skal køyra igjen, om eg vil føle meg trygg.

Skadet mopedhjelp

SKRAPT OPP: 16-åringen sin mopedhjelp er tydeleg oppskrapa etter ulukka måndag.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

– Kva tenkjer du om at det tok lang tid før nokon stoppa for å hjelpa deg?

– Eg synest jo det er veldig skummelt. Viss det hadde vore deira egne barn, ville dei at det same skulle ha skjedd med dei?

– Det kunne fint ha vore at det ikkje var noko alvorleg, men då dei såg at eg sat der, og scooteren låg i vegen, synest eg dei iallfall burde stoppa og spurd om det gjekk bra, seier 16-åringen.

Politiet har starta etterforsking i saka. Dei er no ute og ber sjåføren av varebilen, som ifølge jenta skal ha pressa ho ut av vegen, melda seg.

– Det er ikkje sagt at vedkommande har nokon skuld i dette, men me vil snakka med han, og få hans forklaring på kva som har skjedd, seier lensmann Raunholm.

Lensmann på Stord, Roald Raunholm

PLIKT TIL Å STOPPE: Lensmann på Stord, Roald Raunholm, seier ein har plikt til å stoppe ved eit trafikkuhell. Han meiner det er alvorleg dersom det stemmer at fleire køyrde rett forbi 16-åringen som låg i grøfta.

Foto: Marte Rommetveit / NRK