Hopp til innhold

Minst 30 hamna i fyllearresten etter påskefesten

Over heile landet blir det meldt om rus og ordensforstyrringar. – Uvanleg mykje fyllebråk, seier politiet om natt til første påskedag.

Politiet i arbeid.

HEKTISK: Natt til første påskedag blei hektisk for politiet over store deler av landet.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Berre i Vest og Sør-Vest politidistrikt blei 12 personar sette i drukkenskapsarresten natt til sundag.

– Det har vore ei travel natt og mykje å gjera. Spesielt ille vert det når utestadene stenger, opplyser operasjonsleiar Stein Rune Halleraker i Vest politidistrikt til NRK.

I Sør-Vest politidistrikt viser operasjonsloggen 33 ordensforstyrringar og bortvisingar jamt over heile Rogaland. Det er meir enn vanleg, og ein konsekvens av for mykje alkohol, seier operasjonsleiar Jøran Solheim.

– Eit oppdrag i morgontimane er ganske illustrerande: Ein gjeng sit på ein terrasse og brølar halv 7 om morgonen. Det er ikkje noko særleg for naboar å ha ein brølande apekatt i nabolaget. Festen blei avslutta og alle fekk beskjed om å legga seg.

Nekta å reisa heim – enda i arresten

Ifølge NTB er minst 30 personar innsett i fyllearresten som følger av bråk og ordensforstyrringar. Ein gjengangar i politiloggen er folk som blir viste bort, men som ikkje rettar seg etter pålegget.

Laster Twitter-innhold

Politiet i Drammen viste bort minst sju personar for ordensforstyrringar og bråk i natt. To blei seinare registrerte på nytt, og sendt vidare i arresten.

Ein mann i 20-åra blei tatt på fersken då han urinerte opp mot eit butikkvindauge. Han blei dimittert sundag morgon, og fekk ein bot på 12.000 kroner med seg.

Også i Lillestrøm måtte politiet frakta personar i arresten, då dei ikkje retta seg etter politiet sine instruksar.

Urinerte framfor politibil

Ein mann i Bodø stifta også kjennskap med politiet etter å ha urinert openlyst midt i sentrum, rett framfor ein patruljebil.

– Forholdet er meldt til politiet. Mannen erkjente straffeskuld, skriv politiet i Nordland.

Også i Troms sleit folk med å etterkoma politiet sine instruksar.

– To rusa menn innsett i drukkenskapsarrest etter å ha vore involvert i eit slagsmål i sentrum. Ein av desse blir meldt for ikkje å ha retta seg etter pålegg frå politiet. Vedkomande blei vist bort frå sentrum tidlegare i natt.

Også andre stader var folk lite vennlege mot politiet. I Kongsvinger blei ein mann i 60-åra køyrd til arresten etter å ha truga politiet med kniv, og i Mo i Rana valde ein person å slå ein tilsett på ein utestad i tillegg til å forulempa ein politimann.

Også i Oslo politidistrikt blir det meldt om noko bråk, men i hovudstaden har det vore uvanleg stille.

– Det har vore svært roleg. Meir roleg enn vanleg. Dei har nok reist til fjells, både dei snille og dei vanskelege, opplyser operasjonsleiar Finn Belle.

Laster Twitter-innhold

Fyll i påskefjellet

Fleire personar barka også saman på Hafjell, og politiet måtte rykka ut for å roa ned situasjonen.

Andre populære påskedestinasjonar var òg ramma av bråk. På Beitostølen blei ein mann i 20-åra vist bort frå sentrum etter eit slagsmål, medan to menn i 30-åra blei meldt for bruk av narkotika på Trysil.

I Hemsedal fekk påskeaftan ein tidleg avslutning for ein bergensar i slutten av tenåra, som blei pågripen og sett i arrest allereie klokka 18.15 for trugande åtferd, kroppskrenking og trugslar mot ein vakt og politiet.