NRK Meny

Minnestund for omkomen

Aker Solutions på Ågotnes held i dag minnestund for sin avdøde kollega. 53 år gamle Rune Morten Narvåg mista livet då oljeriggen COSL Innovator vart råka av brottsjø på Troll-feltet i Nordsjøen førre veke. Han var busett i Oslo, men jobba på subsea-avdelinga på Ågotnes. 53-åringen jobba i selskapet i 37 år.

COSL Innovator til sjøs
Foto: Bård Hansen