Hopp til innhold

Minnestund for Anja i Bergen: – Lagkameratane er i sorg

Det er ei tung tid for lagkameratar og vener på heimstaden til omkomne Anja Weløy Aarseth (21). I kveld opnar kyrkja på Bønes dørene for minnestund.

Minnestund for Anja Weløy Aarseth i Bønes kyrkje

MINNESTUND: Kyrkja på heimstaden til Anja Weløy Aarseth opnar dørene for dei som ønskjer å samlast i kveld.

Foto: NRK

Etter at det i går blei bekrefta at kvinna som blei funnen omkomen på byfjellet Aksla i Ålesund var 21 år gamle Anja Weløy Aarseth frå Bønes i Bergen opnar kyrkja på heimstaden dørene.

– Det hjelper oss å takle dette at kyrkja stiller opp. Dei har meir erfaring med å handtere mennesker i sorg enn vi som eit idrettslag har, seier leiar for Bønes IL, Christian Kanzler.

Dørene vil vere opne for dei som måtte ønskje frå klokka 18.00 til 20.00 tysdag kveld.

Gunn Kongsvik, sokneprest

OPNAR DØRENE: Sokneprest Gunn Konsvik ønskjer alle som sørgjer velkomen til Bønes kyrkje i kveld.

Foto: NRK

Anja Weløy Aarseth

FOTBALLSPELAR: Sjølv om Anja Weløy Aarseth var flytta til Ålesund, kom ho framleis heim for å spele kamper for Bønes IL.

Foto: Privat

Tungt for lagkameratane

Kyrkja har mellom anna kontakta og invitert idrettslaget Anja var medlem i.

Anja spelte fotball i idrettslaget frå ho var born fram til ho flytta. Også etter ho reiste for å studere i Ålesund kom ho tilbake og stilte opp på kampar.

– Det er tungt for hennar lagkameratar spesielt. Vi prøvar å gje dei så mykje oppfølgjing vi klarer, og vil arrangere ei samling både for dei og venene hennar utanfor idrettslaget seinare denne veka, fortel Kanzler.

Speler med sørgjeband

Kvinnene sitt juniorlag skulle spelt kamp denne helga, der også Anja skulle vere med. Både denne kampen og herrelaget sin kamp i går er avlyste. I dei neste kampane vil både kvinne- og herresida spele med sørgjeband.

– Mange av dei som spelte saman med Anja er flytta, men vi prøvar å samle dei og takle dette på best mogeleg måte. Minnestunda ei fin anledning til å få snakke med nokon, seier Kanzler.

Opnar for dei i sorg

Minnestunda vil vere ei enkel samling med musikk og bøn.

– Vi håpar alle som vil kjem hit for å støtte kvarandre og tenne lys. Ho vaks opp her, og det er mange som kjenner henne og er i sorg, seier sokneprest Gunn Kongsvik.

I går det også arrangert ein minnemarsj for Anja i Ålesund.