NRK Meny
Normal

Færre unge i Nygårdsparken

Det er ein kraftig nedgang i talet på ungdommar som trekk til rusmiljøet i Nygårdsparken. – Godt førebyggande arbeid av politiet og utekontakten er noko av årsaka, meiner Bergen kommune.

Nygårdsparken

NEDGANG: Trass auken i narkosaker blant barn og unge i 2013, er det ein kraftig nedgang i talet på ungdommar i Nygårdsparken. Mykje av narkosalet mellom unge går føre seg på sosiale media.

Foto: NRK

Marit Sagen Grung

– LANGT FÆRRE: – Det er langt færre ungdommar i Nygårdsparken i år, seier leiar for uteseksjonen i Bergen kommune, Marit Grung.

Foto: Runa Victoria Engen / NRK

– Det er langt færre ungdommar i parken i år, samanlikna med i fjor, seier leiar for uteseksjonen i Bergen kommune, Marit Grung.

I går fortalde NRK at politiet i Bergen har etterforska langt fleire narkosaker med barn og unge til no i 2013, samanlikna med 2012.

Trekk ikkje til parken

Men mykje av salet av går via sosiale media som Facebook, og dei unge trekk ikkje til rusmiljøet i Nygårdsparken lenger. Grung meiner det er fleire årsaker.

– Ei av årsakene kan vera den uroa som har vore i miljøet i parken i seinare tid. Det er ein del støy rundt miljøet. Ein anna årsak er sjølvsagt politiet sin innsats, meiner Grung som også vil gje skryt til utekontakten i kommunen.

Trass i at mykje av narkotika salet blant unge går føre seg i sosiale media, treff utekontakten mange ungdommar ute i det offentlege rom.

Samarbeid

– Absolutt. Dei ungdommane som er ute over tid og som oppheld seg i risikomiljø, handlar også narkotika på nett. Men dei er framleis ute og dei jobbar vi med, fortel Grung.

– Korleis er samarbeidet med andre etatar?

Det er der endringane har vore størst dei siste 10 åra, i forhold til dette med førebyggande arbeid. Vi jobbar med eit heilt anna nettverk no og samarbeider med politiet, barnevernstenesta og skulane. Vi har eit breitt nettverk som jobbar saman, forklarar Grung

Sel hasj til 13-åringar

Trass nedgangen i talet på ungdommar i Nygårdsparken, har politiet i Bergen hatt ei kraftig auke i narkosaker i 2013. 31 saker er etterforska av politiet til no i år, mot 13 på same periode i fjor.

Mesteparten av sakene handlar i hovudsak om sal og bruk av hasj og marihuana.

– Vi har mellom anna etterforska 15-åringar som sel til yngre og eldre personar. Vi har også etterforska saker som involverer barn ned i 13 år, fortalde leiar Tone Loftesnes Kornli i ungdomsseksjonen ved Bergen politistasjon til NRK i går.

– Dei ungdommane vi har hatt kontakt med i år, er vel ikkje direkte ungdom som vi finn i Nygårdsparken. Dette er ungdommar som er på andre arenaer. Men vi er engstelege for at dei skal hamne i parken.

Siste video

Onsdag 16. august begynte flyttingen av den store flytedokken fra Laksevåg til Ågotnes.
Programleder: Mariann Reikerås