Hopp til innhold

Miniubåtar skal hindre laksen i å rømme

HARDANGER (NRK): Fjernstyrte miniubåtar skal hjelpa oppdrettsnæringa å hindre lakserømming i Hardangerfjorden. Aldri før har nokon bora djupare for å sikre eit oppdrettsanlegg.

Miniubåt

SIKRAR BOTN: Med hjelp av denne miniubåten vert oppdrettsanlegget boltet fast til havbotn 500 meter under vassflata.

Foto: Tale Hauso / NRK

Nær 300.000 laks rømde frå norske oppdrettsanlegg i fjor. Ifølge Norges jeger- og fiskerforbund er det mer enn halvparten av all villaksen som gyter i norske elvar.

2019 blei dermed det verste rømmingsåret på åtte år for oppdrettslaksen.

500 meter under vassoverflata

For å unngå å bli ein del av statistikken gjer Bremnes Seashore i Vikane ekstraordinære tiltak. Ved hjelp av ein miniubåt borer dei anlegget fast 500 meter under vassoverflata.

– Rømming vil me absolutt ikkje ha, men no har me full kontroll. Anlegget står heilt fast og kjem til å halde i mange stormar, seier driftsleiar Jarle Jensen og peiker utover fjorden.

– Dei røde blåsene viser kor fjellboltane og fortøyinga til anlegget er.

Minirobot

PÅ FLYTTEFOT: Oppdrettsanlegget til Bremnes Seashore i Vikane skal bli flytta nærare Jondal.

Foto: Take Hauso / NRK

Takka vere moderne teknologi kan lakseanlegget bli plassert i den djupe Hardangerfjorden, midt i den sterke straumen der fisken likar seg godt.

Dei brukar ein fjernstyrt miniubåt, ein såkalla ROV, til å borre fester for kjetting mellom oppdrettsmerdane og havbotn. Med eit 6,5 cm stort hol med lim skal bolten på plass, og tola 130 tonn.

Frå eit anlegg i Hardangerfjorden skjedde ein av dei siste rømmingane i 2019. Då rømde mellom 50 og 1000 laks frå Lingalaks sitt anlegg i Bergadalen ved Varaldsøy, har Lingalaks estimert.

No skal miniubåten sikra at slike rømmingar ikkje skjer igjen.

Fiskeridirektoratet tar atterhald om at talet for 2019 kan auka når oppdrettsselskapa registrerer inn rømd laks etter at merdane er slakta ut.

– Ny rekord kvar dag

Ubåten blir styrt med kabel til overflata. Fra ein båt følger Dave Ole Eidet i Marinus Aqua Service med på ein dataskjerm og styrar spakane medan han borar seg ned.

– Eg trur ikkje nokon har vore så djupt før. Så me set ny rekord kvar einaste dag me jobbar her.

Miniubåt overvåker laks

FØLGER MED VIA SKJERM: – Her ser du dybden, retning vi går i, posisjon, og forskjellege verdiar på systema på ROV'en, sier Dave Ole Eidet.

Foto: Tale Hauso / NRK

Dei fjernstyrte miniubåtane har lenge vore i bruk i offshorenæringa, men har dei siste åra òg blitt viktige innan oppdrett. Dei blir brukt til å sikre og halde ved like merdar.

– Vanlege dykkarar kan bora ned til 50 meter. Da me starta med boringa var tanken å bora litt djupare enn dykkarane, men no er me komme på djupt vatn, for å seie det slik, spøker Eidet.