Hopp til innhold

Slik enda bilturen i Kalfaret

Sjåføren blei forstyrra av noko. Plutseleg låg bilen velta i vegen.

Bil velta i Kalfarveien

KRASJ I KALFARVEIEN: Bilen køyrde inn i ein mur og velta.

Foto: Elin Helgheim / NRK

Uhellet skjedde om lag klokka 13.15. Bilen krasja i ein mur og velta over på sida.

– Det var to personar i bilen, og begge seier dei er uskadde. Men dei blir undersøkte av helsepersonell på staden, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund i politiet til NRK.

Dei to i bilen var begge menn i 20-årsalderen. Dei har forklart at sjåføren blei uroa av at noko ramla på golvet i bilen.

– Sjåføren seier han snudde seg vekk, og dermed var det gjort, fortel operasjonsleiaren.

I tillegg til skadane på bilen, blei muren og ei portsøyle øydelagt i samanstøyten. Både huseigar og Statens vegvesen er varsla om hendinga og skadane.

Trafikkuhellet førte til ein del kø i området.

– Dei som ikkje må køyra denne vegen, kan gjerne ta ein annan veg til vi får rydda opp på staden, sa operasjonsleiaren etter uhellet.

Klokka 13.50 får NRK opplyst at vegen er rydda og at trafikken går som normalt igjen.

Bil velta i Kalfarveien

RYKTE UT: Både brannvesen, politi og ambulanse rykte ut til staden.

Foto: Elin Helgheim / NRK
Laster Twitter-innhold