NRK Meny
Normal

Tre personar tatt for minibank-svindel

Minst 2000 bankkundar kan vere ramma av svindelen. Sjekk kva minibankar som har vore utsett for skimming.

Minibank

SVINDLA: Over 2000 bankkundar er utsett for svindelforsøk ved fire minibankar i Bergensområdet. Tre personar er arrestert av politiet.

Foto: FRANCOIS DESTOC / PHOTOPQR/LE TELEGRAMME

Politiet i Bergen har arrestert tre personar dei mistenkjer står bak svindelforsøk på fleire minibankar i Bergensområdet. Ein av dei vert framstilt for varetektsfengsling torsdag, skriv Bergens Tidende.

– Førebels er det fire minibankar vi veit er skimma, seier overbetjent Johanns Råen til avisa.

2000 kundar ramma

Politiet har fått tilbakemelding frå Sparebanken Vest at 2000 bankkort er blitt såkalla skimma.

– Det vil seie at datainformasjon og eventuelt kode er blitt kopiert. Desse kundane veit kanskje ikkje at korta er blitt skimma.

Dei tre personane er født i 1972, 1984 og 1987. Minst ein av dei skal vera av rumensk opprinnelese. Dei tre vart arrestert etter at det vart funne svindelutstyr på ein minibank på Wergeland.

Dei andre bankane som politiet har oppdaga svindelforsøk ved, er:

  • På Danmarks plass
  • Ved Øyrane Torg
  • og ved eit kjøpesenter på Sandsli.

Har du tatt ut pengar i ein av desse fire minibankane bør du ta kontakt med banken din.

Siste video

Ein person mista livet då eit stort snø- og jordras trefte Odda i 1993.
Programleiar er Jan Børge Leirvik
Programleiar er Jan Børge Leirvik