Mindre grasbrann sløkt

Brannvesenet i Kvinnherad rykte i ettermiddag ut til ein mindre grasbrann i Herøysundet mellom Husnes og Uskedalen. Ein grunneigar brann noko hageavfall i ei oljetønne, og eit område på 2x10 meter blei svidd av. Brannen blei kjapt sløkt.