Saksøker staten for 200 millionar kroner

NSB og Tryg forsikring har saksøkt staten og Norsk jernbanedrift etter togbrannen ved Hallingskeid i 2011.

Brann på Bergensbanen 2011

KONFLIKT: Det er endå ikkje avklart kven som må ta rekninga etter brannen på Hallingskeid i 2011.

Foto: Odd Arne Olderbakk/NRK / NTB scanpix
Lager nytt togspor på Hallingskeid etter togbrannen

UTBRENT: Kun skjelettet av toget sto att etter brannen.

Foto: Arnstein Karlsen

Det var eit valdsamt syn då eit heilt togsett sto i full fyr ved på Hallingskeid stasjon på Bergensbanen 16. juni 2011.

Heile 257 personar blei evakuerte, og toget blei fullstendig utbrent.

No vil Tryg ha tilbake forsikringspengane dei betalte ut til Jernbaneverket som følgje av branne.

Kranglar om ansvar

Det har vore full konflikt mellom Jernbaneverket og forsikringsselskapet Tryg. I dag er det klart at Tryg har gått til søksmål mot staten, for å få att pengane dei betalte ut etter brannen.

– Sakas kjerne handlar om kven som var ansvarleg for brannen. Om dei no blir ei rettsak og vi vinn fram med vår sak, vil kravet ende på rundt 200 millionar kroner, seier advokat Rune N. Stiegler til Bergens Tidende.

I utgangspunktet er det snakk om 150 millionar, som var summen Jernbaneverket fekk frå forsikringsselskapet etter brannen, men i søksmålet er det også lagt til forseinkingsrenter.

Dette er det største regresskravet frå eit forsikringsselskap i norsk historie.

Meiner Jernbaneverket har skulda

I Havarikommisjonen sin rapport etter ulukka er der ingen direkte påviseleg brannårsak, men at årsaka truleg var det som kallast «varmt arbeid».

Same morgon som ulukka skjedde hadde arbeiderar drive med sveising i snøoverbygget. Dette arbeidet var utført av Norsk Jernbanedrift (NJD) på oppdrag frå Jernbaneverket (JBV).

Tryg meiner brannen starta på grunn av gnistar frå dette arbeidet, og at andre, alternative årsakar eg hypotetiske og usannsynlege.

Ingen forliksdiskusjon

I Havarikommisjonen sin rapport fekk Jernabaneverket kritikk for å ikkje ha gode nok prosedyrar for varmearbeid når det gjeld risikovurderingar og etterkontroll.

Dei som er saksøkte har førebels ikkje kome med noko tilsvar til stevninga, og Tryg har heller ikkje vore i nokon diskusjon om eit forlik.

Jernbaneverket har til no ikkje vore villege til å godta kravet frå Tryg, og der er derfor kravet no endar i retten.