Hopp til innhold

Milliondryss over Sotrasambandet

Vegprosjektet får 90 millionar kroner ekstra i revidert nasjonalbudsjett. – Dette er svært gledeleg for Sotra-samfunnet.

Sotrasmbandet inne i Nasjonal transportplan

SOTRASAMBANDET: Det er blitt gitt 90 millionar ekstra på Sotrasambandet i revidert nasjonalbudsjett.

Foto: NRK

– Sentrale politikarar ser på Sotrasambandet som eit av dei to viktigaste vegprosjekta i Noreg, som er særskilt nemnt i revidert nasjonaltprosjekt, seier ordførarkandidat for Fjell Høgre, Tom Georg Indrevik.

Det skal brukast 90 millionar ekstra på Sotrasambandet og eit vegprosjekt på Løten. Ekstramillionane til planlegging blir gitt i revidert nasjonalbudsjett.

– Glad for at vi blir høyrd

30 000 bilar rullar på ein vanleg kvardag over Sotrabrua. For dei vil dagens milliondryss i revidert nasjonalbudsjett vera verdt å feira.

– Vi som bur ute på gullkysten har vore opptatt av dette lenge, og vi er så glad for at vi blir høyrd på nasjonalplan, seier gruppeleiaren i Fjell, Benjamin Nyborg i Framstegspartiet.

Tom Georg Indrevik

GLAD: – Dette er svært gledeleg for Sotra-samfunnet, seier ordførarkandidat for Fjell Høgre, Tom Georg Indrevik.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

Problemet med dei mange bilane som kvar dag skal over Sotrabrua, er at dei lagar kø. Både morgon og ettermiddag. Ny bru med firefelts veg vil løysa trafikkaoset.

– No håper vi at vi endeleg kan kome i gang og jo fortare jo betre, seier Nyborg.

– Må lide for å løyse

Men det er naturleg nok ikkje heilt problemfritt å byggja eit så omfattande vegprosjekt. Rundt 20 hus og hagar lyt vika plass. Dei fleste i Drotningsvik.

– Eg synest det er beklageleg at folk blir råka av ein sånn stor samferdselsutbygging som dette er, men diverre så er det kanskje sånn at av og til må nokon lide for at skal kunne løyse så store infrastrukturprogram, legg Indrevik til.

Ekstra overføringar i 2015

I tillegg får Hordaland fylkeskommune 19 mill kroner ekstra i frie inntekter i 2015.

Kommunane opplever lågare inntekter enn venta i 2015 på grunn av lågare lønnsvekst og skatteinntekter, samt som følgje av uførereforma. Samtidig styrkar lågare løns- og prisvekst kommunanes økonomiske handlingsrom.

Totalt anslår regjering av lågare skatteinntekter utgjer 1,6 milliardar kroner, medan lågare lønns- og kostnadsvekst styrkar kommuneøkonomien med 0,3 milliardar kroner.

Sotrasambandet

NY BRU SØR FOR DEN GAMLE: Slik er det meininga at den nye Sotrabrua vil ta seg ut når den står ferdig.

Foto: Statens vegvesen