NRK Meny
Normal

Millimeter frå tidenes dritvêr-år i Bergen

Bergen lever definitivt opp til sitt rykte. Fire dagar før nyttår manglar byen berre 30 millimeter nedbør for at det skal bli ny regnrekord.

Masse vatn på Danmarksplass i Bergen

KLISSVÅTT: Det har kome 3070 millimeter med nedbør i Bergen i 2017. Berre litt manglar for at det skal bli historisk rekord.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

– Hadde du spurt meg for ei veke sidan, så hadde eg sagt aldri i livet. Men Bergen har mobilisert, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid, når han ser på kor mykje nedbør som har kome siste veka.

Det er mykje. Svært mykje.

Geir Ottar Fagerlid

Statsmeteorolog Geir Ottar Fagerli.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Tre meter med regn

Etter ekstremvêret «Birk» vesle julaftan der byen sette ny døgnrekord for desember med 93,9 millimeter, har det nok ein gong kome meir enn 50 millimeter nedbør på eit døgn.

Plutseleg kan den to år gamle dritvêr-rekorden på 3101,7 millimeter nedbør blir slått. Den gongen måtte ein tilbake til 1967 for å finna eit år med like mykje nedbør i vestlandshovudstaden.

Onsdag føremiddag, med fire dagar att til årsmålinga sluttar sundag kl. 07.00, har det kome 3070 millimeter nedbør i 2017.

Regn i Bergen

GODT VANDE: Bergensarane er van med regnet. Men 2017 overgår altså det meste.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Treng 30 fattige millimeter

No er det nedbøren som kjem fram til morgonen nyttårsaftan som avgjer om rekorden frå 2015 vil bestå, eller om året i år blir enda våtare.

– Vi manglar cirka 30 mm under den rekorden, seier Gunnar Livik, statsmeteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Gunnar Livik

Statsmeteorolog Gunnar Livik.

Foto: Privat

– Blir det ny rekord?

– Torsdag blir det sannsynlegvis opphaldsvêr heile dagen, så då kjem det ikkje nedbør. Fredag og laurdag kjem det bygevêr, og då er ikkje prognosane heilt til å stola på, seier Livik.

Ein av prognosane meteorologane ser på dei neste dagane, seier at det skal komma 20 millimeter nedbør. Slår den til vil det altså ikkje bli rekord.

– Det er vanskeleg å seie. Vi må berre leve i uvissa, seier Livik.

Fleire rekordar

Bergen kan allereie skryta av å ha sett fleire regnrekordar i 2017. Den mest miserable av dei kom i sommar.

Då hadde byen 26 strake dagar med nedbør i juni, noko som ikkje hadde skjedd på 65 år.

Den første halvdelen av juli skreiv seg også inn i historiebøkene. Det var dei kaldaste julidagane på 19 år.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås