Hopp til innhold

Milliardsmell for reinseanlegg på Flesland

Kloakken i Bergen er reinare enn nokon gong, men prislappen viser over ein milliard kroner meir enn det ein først rekna med. – Vi var for optimistiske, innrømmer Vann- og avsløpsetaten.

Åpner renseanlegg

ETTERLENGTA, MEN DYRT: Nye Flesland avløpsreinseanlegg vart opna tysdag.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

Tysdag opna nye Flesland avløpsreinsenlegg i ein underjordisk tunnel på Flesland. Dette er det siste av dei fire største reinseanlegga i Bergen som no er kraftig oppgradert.

Anlegga skal oppfylle alle krav til reinsing av avløpsvatn, og går frå å reinse 20 prosent av organisk stoff til å reinse 75 prosent.

Åpning renseanlegg Flesland

BIDROG: Dansarar frå musikalen «Julens Magi» bidrog til opninga i den underjordiske tunnelen.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

Nesten 1,3 milliardar meir enn planlagd

Oppgraderingane skulle eigentleg vere ferdig i 2012 og koste 465 millionar kroner.

Fem år seinare viser prislappen 1,75 milliardar kroner.

– I den opphavlege hovudplanen frå 2005 var ikkje dette anlegget på Flesland med. Dette åleine kosta 685 millionar, seier fagdirektør i Vann- og avløpsetaten, Magnar Sekse.

Han forklarar milliardsmellen med ein vel stor optimisme.

– Vi har hatt ei kostnadsutvikling, og prosjekta har utvikla seg slik at vi har hatt ei stor auke. I ettertid ser vi nok at vi var for optimistiske sett i samanheng med det vi trudde det skulle koste, seier Sekse.

Fagdirektør i Vann- og avløpsetaten, Magnar Sekse

VEL OPTIMISTISK: Magnar Sekse i Vann- og avløpsetaten innrømmer at dei var for optimistiske når det gjaldt prislappen på reinseanlegget.

Foto: Kristian Ervik / NRK

Miljøpartiet Dei Grøne er skeptiske

For nokre år sidan var opposisjonen i bystyret kritiske til at bystyret ikkje i større grad blei informert om dei galopperande kostnadane.

Blant dei som reagerte var medlemmar av Miljøpartiet Dei Grøne, som meinte at ein i for liten grad tok høgde for den økonomiske risikoen i prosjektet.

– Vi oppdaga i 2014 at det blei kraftige kostnadsoverskridingar. Vi beklagar framleis at det blei ein så høg pris å betale for bergensarane. Dette må betalast gjennom avløpsavgifta, seier Diane Berbain som sit i finanskomiteen og er bystyrerepresentant for Miljøpartiet Dei Grøne.

Diane Berbain

SKEPTISK: Diane Berbain i Miljøpartiet Dei Grøne meiner det er beklageleg at anlegget blei dyrare enn planlagd, og at bergensarane må betale for det.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

– Kjem alt for seint

Prosjektleiar i Vann- og avløpsetaten, Kristine Akervold, meiner reinseanlegget vil bety mykje for bergensarane, som kan nyte ein reinare fjord når det blir sommar.

– Vi er heldigvis mange å fordele kostnadane på, så det utgjer ikkje så mykje på auken. Noko auke er det jo, seier Akervold.

Reinseanlegg Flesland

GRATULERTE: Ordførar Marte Mjøs Persen opna kloakkanlegget.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

Berbain i MDG synest det er bra med betre reinseanlegg, men understrekar at oppgraderingane ikkje blei ferdige innan fristen.

– Det kjem alt for seint. Fristen for å bygge var sett til 31. desember 2015, seier Berbain.

I november blei det bestemt at ein skulle opprette ei arbeidsgruppe for å hindre like store overskridingar i tids- og pengebruk som ein har sett i dette prosjektet.

– Vi skal mellom anna komme med innspel og forslag til korleis prosjekt av denne karakter kan organiserast for å sørge for at slike ting ikkje skjer fleire gongar i framtida, avsluttar Berbain.