Milliardsmell for bergensskulane – opprustinga 3 milliardar dyrare enn venta

Det vil kosta over 8 milliardar kroner å koma skuleforfallet i Bergen til livs.

Møhlenpris skole Bergen

GAMLE MØHLENPRIS: Slik såg det ut i kjellaren på gamle Møhlenpris skole i Bergen i 2012. Prisen på milliardopprustinga av bergensskulane blir mykje høgare enn venta.

Foto: Christian Kråkenes / NRK

– Skal ein skapa moderne bygg, som er gode for elevane å jobba i, må ein av og til ta ei større rekning, seier finansbyråd i Bergen, Dag Inge Ulstein (KrF).

Rekninga han snakkar om er eit resultat av mange år med enorme skuleforfall i landets nest største by. Då det blåblå byrådet i 2012 gjorde opp status, var allereie omfanget av rotna og forfalle skular enormt.

Tre milliardar dyrare på tre år

I 2015 presenterte dåverande finansbyråd Liv Røssland (Frp) ein førebels prislapp på 5,5 milliardar kroner for å koma skuleforfallet til livs. Frp-byråden la ikkje skjul på at kostnaden kunne koma til å auka.

Finansbyråd Dag Inge Ulstein i KrF

FINANSBYRÅD: Dag Inge Ulstein (KrF) i Bergen kommune.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Det har også skjedd. Før det har gått tre år viser oppdaterte estimat at rekninga kan komma opp i 8,6 milliardar.

Sitjande finansbyråd Ulstein rettferdiggjer prisen med at kommunen no får større kontroll over driftsutgiftene i åra som kjem.

– Undervegs har me tenkt langsiktig, og ikkje berre vurdert situasjonen her og no. Me investerer meir for å kutta kostnader på sikt. seier finansbyråd Ulstein.

Utelét kostnader til «brakkeskular»

Det er fleire grunnar til at prisen har auka. 740 millionar skriv seg til at skulane på Landås, Møhlenpris og Ny-Krohnborg ikkje var med i dei opphavlege tala.

Det var heller ikkje dei mellombelse skulebygga som er reist i Fyllingsdalen, Arna og Åsane medan dei permanente skulebygga har vorte rehabiliterte. Desse har kosta 455 millionar.

  • Prisen på dei ferdigstilte prosjekta i 2011-2017: 2,9 milliardar kroner:
  • Prisen på dei pågåande og planlagde prosjekta i perioden 2017-2021: 3, 7 milliardar kroner:
  • I tillegg kjem 2 milliardar kroner i kostnadsestimat på skular som enno ikkje inngår i investeringsprogrammet.
Nye Ulsmåg skole

SUPERSKULE: I 2016 og 2017 klypte byrådet snora framfor fleire toppmoderne skulebygg. Eitt av desse var Nye Ulsmåg skole, som hadde eit budsjett på 275 millionar kroner.

Foto: Ola Henning Målsnes / Bergen kommune

Opposisjonen: – Urovekkande

Dei totale venta investeringskostnadene er venta å bli 8,6 milliardar kroner.

Dermed ligg ryddejobben ut til å bli om lag 3 milliardar dyrare enn prisen det førre byrådet hadde rekna med.

– Det er sjølvsagt urovekkande. Kommunen si gjeld vil dermed auka endå meir enn det har lege an til, ei gjeld som vil verta vanskeleg å betena, seier Henning Warloe (H), nestleiar i oppvekstkomiteen.

Henning Warloe

KRITISK: Henning Warloe sat som byråd i fleire periodar då Høgre sat med makta i Bergen. No kritiserer han byrådet beståande av Ap, KrF og V.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Han sat sjølv som byråd i mange av åra då skuleforfallet bygde seg opp. Den tidlegare skulebyråden meiner likevel byrådet har mesteparten av skulda og meiner kommunen vel for kostbare løysingar når det skal gjerast opp for det enorme etterslepet.

– Eg synest byrådet har levert dårleg. 40 prosent av dei planlagde investeringane er forseinka. Byrådet har i staden innkassert sigrar ved å opna nye skular som blei planlagde då me sat i byråd, seier Warloe.

– Eg ser det som unødvendig av Warloe å prøva å spela politisk mynt på dette. Me må ta eit felles ansvar for at vedlikehaldsetterslepet har vore eit faktum. Byrådet har kontroll på prosjekta som no er undervegs, men ting endrar seg over tid og det fører til høgare kostnader.