Hopp til innhold

Kjøper bergensbedrift for 2,5 milliardar

Eit svensk oppkjøpsfond har kjøpt det norske teknologiselskapet Vizrt for 2,5 milliardar kroner. Selskapet leverer mellom anna TV-grafikk til CNN, Al Jazeera og TV 2.

US-TECHNOLOGY-C Technology Conference Highlights Latest In 3D Devices

TV-GRAFIKK: Vizrt har hovudkontor i Bergen. Selskapet har levert grafikk til tv-stasjonar som CNN, Al Jazeera og TV2. Her syner ein Vizrt-tilsett fram teknologien deira i New York, tilbake i 2010.

Foto: SPENCER PLATT / Afp

Før salet er den største aksjonæren oppkjøpsfondet FSN Capital med 15,8 prosent, medan Petter Stordalen eig 7,3 prosent, skriv Dagens Næringsliv.

Bodet til Nordic Capital på 37 kroner per aksje ligg rundt 32 prosent over aksjekursen på Oslo Børs før bodet blei lagt inn. Eigarane som sit med 51,5 prosent av aksjane har sagt ja til handelen, og Vizrt-styret går samrøystes inn for salet.

Som følgje av handelen skal selskapet etter planen ikkje lenger vera notert på Oslo Børs. Handelen er venta å vera sluttført rundt 31. januar 2015, heiter det i ei børsmelding.

– Ingen endringar

– Ut ifrå det vi er informert om så langt, så blir det ingen vesentlege endringar. Når transaksjonen er gjennomført blir vi eit privatselskap, med dei oppsidene og eventuelle nedsidene det måtte ha, seier dagleg leiar Fredrik Gunnestad til NRK.

Vizrt har 550 tilsette og 40 kontor rundt i verda. Selskapet blei etablert i 1997 under namnet Pilot Broadcasting Systems for å levera grafikk til TV 2. Hovudkontoret ligg i Bergen, med nesten 100 tilsette.