Hopp til innhold

Regjeringa deler ut kollektiv-milliardar

Regjeringa set av 16,9 milliardar til kollektivtrafikk i dei fire største byane dei neste ti åra.

Bybanen i Bergen

BYBANEKRONER: I Bergen betyr pengane statleg finansiering av Bybanen til Åsane.

Foto: Knut Opeide/Statens vegvesen

Det kjem fram i ein lekkasje frå Norsk Transportplan.

Pengane skal gå til å utbetre kollektivtilbodet i Oslo, Bergen, Stavanger og Trondheim.

– Vi er heilt avhengige av å løyse trafikkproblema i Bergen om vi skal få utvikling i Hordaland. Eg er utruleg glad for desse midlane, seier gruppeleiar i Ap i Bergen, Ruth Grung.

– Historisk dag

Harald Schjelderup, som også er gruppeleiar i Arbeiderpartiet i Bergen, jublar over statleg finansiering til Bybanen.

Bergenserane ønskjer ein å byggje ut Bybanen til Åsane. Det vil totalt koste over seks milliardar kroner.

For å få pengane må kommunen og fylkeskommunen og staten inngå ein bymiljøavtale. Desse avtalane skal sikre at andelen kollektivtrafikk går opp og at fleire vel å bruke føtene eller sykkel som transportmiddel. Regjeringa forventar også tiltak som reduserer bilbruken i byane.

Det er totalt sett av ein pott på 26,1 milliardar som skal forhandlast om dei neste ti åra. 9,2 av desse milliardane er belønningsmidlar som går til drift av kollektivtilbodet. Dei 16,9 milliardane ein får gjennom bymiljøavtalane går til nye investeringar.

– For første gang får vi direkte statleg bidrag til utbygginga av kollektivtrafikken i dei største byane og for Bergen sin del dreier det seg om Bybanen, seier Schjelderup.

Trur på endå meir midlar

Schjelderup meiner at det økonomiske løftet når det gjeld kollektivsatsing er betydeleg.

– 16,9 milliardar er eit stort løft. No er regjeringa heilt tydelege på at dei vil bidra til å betre kollektivtilbodet i byane, seier Schjelderup.

Også belønnningsordninga for betre kollektivtrafikk blir utvida med ni milliardar. Schjelderup trur endå fleire pengar vil bli lagt på bordet i neste Nasjonal Transportplan om fire år.

– Veksten i byane er så stor at det trur eg er realistisk, seier Schjelderup.

– Endeleg tar staten ansvar

Filip Rygg

MANGE ÅRS KAMP: Byutviklingsbyråd i Bergen er heitl

Foto: Mette Anthun / NRK

– Det har vore mange års kamp for å få staten til å ta ansvar for kollektivtrafikken i dei store byane, og det er sjølvsagt gledeg at dei endeleg gjer det, seier byutviklingsbyråd i Bergen, Filip Rygh (KrF).

Framleis er det uavklart kor mykje av potten Oslo stikk av med, men likevel er det mykje som tyder på at finansiering av Bybanen til Åsane truleg er i boks.

– Det er enorme utbyggingsbehov i Oslo, men om vi får ein rettmessig del av potten kan vi starte utbygginga i 2016. Men endå er mykje uavklart, seier Rygh.

Trass i at Rygh meiner regjeringa er litt for seint ute med løyvingane, er det i dag tverrpolitisk glede i Bergen.

– Fleire politiske parti og næringslivet, fagrørsla og ei rekkje andre organisasjonar har kjempa lenge for å få midlar, så dette er noko vi må kunne glede oss over i dag, seier Rygh.