NRK Meny
Normal

Milliardæren vil vurdera å gjera banene sine meir miljøvenlege

Trond Mohn avviser ikkje å ta ekstrarekninga for å gjera kunstgrasbanene han har donert mindre miljøskadelege.

Trond Mohn og kunstgrasbane

ENGASJERT: Mangemilliardær Trond Mohn er både oppteken av miljøvern og av å gi barn og unge fotballbaner å trene på.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Bergensmilliardæren Trond Mohn har gjennom fleire år betalt bygginga av svært mange kunstgrasbaner. Flest i Bergen, men også mange elles Hordaland og landet over.

Men dei svarte knottane i kunstgraset, sokalla granulat, er ein del av eit globalt miljøproblem. Kvart år forsvinn 1500 tonn gummikuler frå norske fotballbaner.

I Bergen har ein gått over til termoplast, ein plastvariant som ikkje er helseskadeleg, men som er like farleg for miljøet som dei gamle, oppkutta bildekka. Mohn avviser ikkje at han kan ta ekstrakostnadane for å gjera dei mange kunstgrasbanene han har donert mindre miljøskadelege.

– Plastgranulat ser eg på som eit framsteg. Men viss det er slik at også dei skulle vere ei forureiningskjelde, då lyt ein vurdera det, seier Mohn til NRK.

Mikrogranulat

FARLEG: Desse knottane skapar trøbbel for miljøet.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Finst alternativ

Kvar dag spring tusenvis av barn, unge og vaksne rundt på baner som Mohn har gitt til ein samla verdi på fleire hundre millionar kroner.

Alle foreldre som har barn som spelar fotball, veit at granulatknottane frå kunstgrasbanene raskt hamnar innandørs i heimen etter treningar og kampar.

Men dei utgjer også ein fare for miljøet. Gummigranulat frå kunstgrasbanar er den nest største kjelda til mikroplastforureining i Noreg, berre slått av slitasje frå bildekk.

Nokre stader i landet har ein gått over til korkgranulat, som består av same naturmateriale som korkane på vinflasker. Det har ein gjort både i Etne og i Fredrikstad.

– Det er eit underlag som vi ikkje dreg med oss inn, slik at det blir lettare i forhold til reinhald. Også tek det miljøomsyn, skryt idrettsleiar Gro Holm i Torp IF, som har nytta seg av underlaget i eitt år.

Kork på banen

MILJØVENLEG: Både her i Fredrikstad og i Etne har ein byrja med korkgranulat på kunstgrasbanene.

Foto: MARTIN TANGE SCHMIDT / NRK

Vil etterfylle med nytt granulat

Bergen kommune har fått over femti kunstgrasbanar av Trond Mohn. Dagleg leiar Torbjørn Iversen i kommunens idrettsservice seier graset held om lag i tolv år. Ny grasmatte, inkludert granulat, kostar omlag fire millionar kroner.

– Årleg skiftar vi tre-fire kunsgrasbaner i kommunen, forklarar Isaksen.

Men det forsvinn fleire tonn med granulat frå banene kvart år, og dermed må det etterfyllast. I fjor etterfylte Bergen kommune med eit halvt tonn granulat per bane.

– Det er heilt sikkert mogleg å byrje å etterfylle med det nye korkgranulatet, meiner Trond Mohn.

Siste video

Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.
Vestlandsrevyen 12. desember 2017