Hopp til innhold

– Trur ikkje det finst tilsvarande i heile verda

På ein avsidesliggande plass på Vestlandet vil dei bygga opp eit senter for koreansk kultur og kampsport. Milliardæren Trond Mohn har henta ut fleire millionar kroner frå pengeskapet sitt.

Norsk-koreansk kultursenter

GAMAL DRAUM: Cho Woon Sup og Bjørn Sulen realiserer ein gamal draum.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Du skjønar med ein gong at du er framme. Det passar liksom ikkje heilt inn. Mellom ei raud løe og nokre furutre, på toppen av ein liten haug, står eit byggverk som sikkert ikkje finst nokon andre stader her i landet.

Når besøkjande svingar inn på eigedomen, blir dei helsa velkommen av ein liten, tjukk mann som står i vegkanten og smiler.

Mannen er grå og kald, og er ein koreansk statue av stein.

Rett bak mannen står bygget som viste veg det siste stykket. Det liknar litt på ei grillhytte i koreansk stil. Fem meter høge furustolpar med eit mørkegrått koreansk tak over. Ei lita trapp fører opp til golvet, som ligg ein liten meter opp frå bakken. Rekkverk og utskjeringar rundt heile bygget, og eit skilt med koreanske teikn over inngangen.

– Her har vi funne drøymeplassen vår, seier Bjørn Sulen og smiler frå øyre til øyre.

Han står i spissen for ei gruppe eldsjeler som er i gang med å bygga opp eit norsk-koreansk kultursenter på eit nedlagt småbruk i den avsidesliggande bygda Bruvik på Osterøy utanfor Bergen.

Han står og ser ut over tunet, som består av eit kvitt, gamalt hus, eit lite raudt uthus og ein stor hage med koreanske figurar og pyntekrukker.

– Eg trur ikkje det finst noko tilsvarande i heile verda, seier han begeistra og peikar bak huset der dei skal byggja eit kombinert kulturhus og treningssenter for taekwondo og andre typar kampsport.

Ein gamal draum

Bjørn Sulen har drive med den koreanske nasjonalsporten taekwondo i meir enn 20 år. På den måten blei han kjent med den nordiske stormeisteren i taekwondo, Cho Woon Sup. Då stormeisteren flytta til Bergen i 2000 byrja ideen om senteret å ta form.

Norsk-koreansk kultursenter

PAGODE: Denne smilande mannen er ein av mange såkalte pagodar som prydar tunet på Norsk-koreansk kultursenter.

Foto: Åge Algerøy / NRK

– For stormeisteren var dette ein gamal draum. Vi andre blei inspirert av draumen hans, seier Sulen.

Han fortel at dei i mange år har forsøkt å visa fram koreansk kultur for dei unge elevane som trenar taekwondo.

Dei har også prøvd å nå ut til eit litt større publikum. Blant anna har dei hatt koreanske dagar, koreansk aften og oppvisningar på Torgallmenningen og i Grieghallen.

Sidan tidleg på 2000-talet har forkjemparane for senteret sett på fleire eigedomar som kunne vera aktuelle for å starta eit norsk-koreansk senter. Konkrete eigedomar både i Bergen, Lindås og Meland har vore vurdert, men av forskjellige grunnar har det ikkje blitt noko av desse prosjekta.

Men så blei eit nedlagt småbruk på Osterøy lagt ut for sal på nettet. Området er godt synleg viss ein køyrer på E16 og ser rett over fjorden.

– Kvar for oss hadde både stormeisteren og eg sett på akkurat dette området når vi køyrde forbi Vaksdal. Begge tenkte at det var ein veldig fin stad. Det er så fint lys her, og så ligg det så flott til mellom fjorden og fjellet, seier Sulen.

Med pengar frå Trond Mohn og velvilje frå kommunen blei draumen realisert.

Milliardær og generalkonsul

Trond Mohn

VAKRE HISTORIER: Trond Mohn seier han blei inspirert av stormeisteren sine visjonar, og historier om kampkunstens innflytelse på sinn og helse.

Foto: Marius Sunde Tvinnereim / Adresseavisen

Milliardæren Trond Mohn har tent gode pengar på produksjon av pumper og anna utstyr til tankskip. Han er kjent for å dela rikdomen sin, og har gitt store summar til idrett og forsking.

Mohn er også generalkonsul for Sør-Korea i Bergen, og har gjennon den rolla vore ein ivrig pådrivar for arbeidet med å starta eit norsk-koreansk senter.

Han har tidlegare uttalt at han er blitt sterkt inspirert av stormeister Cho Woon Sup og hans visjon.

«Undertegnede har i sine møter med en entusiastisk Cho blitt fortalt vakre historier om kampkunstens innflytelse på våre sinn og mentale helse, såvel som fysiske form», skriv Mohn i ei støtteerklæring.

– Taekwondo er ein fantastisk fin idrett. Dessutan er det veldig viktig med internasjonal forståelse og samarbeid. Dette er viktige grunnar til at eg støttar eg senteret, seier Trond Mohn til NRK.no.

Pengegåva frå Mohn har gått til å betala dei over tre millionar kroner som det kosta å kjøpa småbruket, men det er endå nokre millionar igjen til å bygga opp senteret.

– Pengestøtta frå Trond Mohn er heilt avgjerande for oss. Vi er evig takknemleg for det, seier Sulen.

Opningsfest i mai

Taekwondo er ein fantastisk fin idrett. Dessutan er det veldig viktig med internasjonal forståelse og samarbeid.

Trond Mohn

Mohn var sjølv til stades då starten på arbeidet med senteret blei markert i kulturhuset på Bruvik i byrjinga av mai.

Med blant anna talar og ulike oppvisningar i tradisjonell taekwondo blei opningsfesten starten på eit nytt kapittel for senteret og den vesle bygda Bruvik.

  • Sjå video frå opninga nedst i artikkelen

Ordførar Kari Aakre (Ap) var også med på opningsseremonien. Ho er glad for at Osterøy blir vertskommune for det nye senteret.

– Vi ser positivt på at senteret blir etablert på Osterøy. Det blir jo blant anna starta opp ulike treningsgrupper for dei som bur i området. Det er enkelte som har vore mot etableringa, men kommunen står samla bak planane, seier ordførar Kari Aakre (Ap) til NRK.no.

Bjørn Sulen meiner det er mange band som knyter Noreg til Korea.

– Vi er meir knytte til Korea enn mange tenkjer over. Vi har hatt eit nært forhold til Korea heilt sidan Koreakrigen. Då kom det viktige bidrag frå Noreg, blant anna feltsjukehus. Dei er framleis utruleg takknemlege for det, seier Sulen.

Han nemner også at næringslivet, spesielt skipsindustrien på Vestlandet, har tett kontakt med Korea.

I dei fleste heimar finst det tv-apparat og mobiltelefonar frå Korea, og utanfor døra hos mange står det ein koreansk bil. Mange born frå Korea er adopterte til Noreg, og koreansk kampsport er blitt populært her i landet.

Senteret har også møtt ei svært positiv haldning frå Norsk Kampsportforbund.

– Norsk-Koreansk Kultur Senter (NKKS) vil kunna vera eit manifest over det arbeidet stormeister Cho Woon Sup har gjort for taekwondo i Noreg sidan han kom til landet på midten av 80-talet, skriv presidenten i forbundet i ei støtteerklæring.

Norsk-koreansk kultursenter

STORE PLANAR: Dette er ei av dei mange skissene frå planlegginga av senteret. Pengesekken styrer kor mykje og kor raskt dei kan bygga ut.

Foto: NKKS

Store planar

Det første dei går i gang med på Bruvik er bygginga av ein hall som kan brukast til trening og kulturarrangement. Planen er at den skal stå ferdig om eit års tid. Seinare kan det koma ein kafe, og andre bygningar i koreansk byggestil.

Ute i terrenget som høyrer til eigedomen har dei tenkt å laga treningsløyper.

– Det er eit viktig poeng for oss at heile området skal vera ope for alle. Ein treng ikkje invitasjon for å koma hit, seier Sulen.

Eldsjelene bak prosjektet ser for seg stor variasjon i aktivitetane. Blant anna blir det trening i taekwondo og andre typar koreansk kampsport, kurs for instruktørar, kurs i koreansk språk, kurs i koreansk matlaging og andre former for kulturutveksling.

– Vi håpar også at bedrifter kan bruka staden vår og at utøvarar i andre idrettsgreiner kan koma hit for å trena på ein litt annan måte, seier Bjørn Sulen.

Bjørn Sulen

FØLER SEG VELKOMMEN: – Inntrykket vårt er at dei som bur her er glade for at det kjem ny aktivitet i bygda, seier Bjørn Sulen.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Talet på koreanske turistar i Noreg er høgare enn mange trur, og Sulen håpar nokon av dei vil besøkja det nye senteret.

– Det er ikkje alle som er klar over at om lag 40 000 koreanarar er på ferie i Noreg kvart år. Målet er å få nokon av dei til å koma hit til Bruvik, seier han.

Når aktivitetane på senteret kjem skikkeleg i sving, reknar han med at dei må tilsetja folk som kan stå for den daglege drifta.

Føler seg velkomne

Vi går rundt på småbruket, medan Sulen peikar og viser korleis han har tenkt at det kan bli. Han seier dei føler seg svært velkomne på Bruvik.

– Inntrykket vårt er at dei som bur her er glade for at det kjem ny aktivitet i bygda, seier han.

  • Sjå kart nedst i saka

Det er ein stille og fredeleg stad, der ingen køyrer forbi viss ikkje dei har eit ærend. Lyden av eit geværskot bryt plutseleg stillheita. Sikkert ein hjortejeger.

Det er ikkje mange som ville ha vedda pengar på at det skulle koma eit norsk-koreansk kultursenter akkurat her.

– Det er litt avsides, og det har sine fordelar og ulemper. Det er litt langt å køyra hit. Men når ein først er her, så blir ein ikkje opptatt med andre ting. Då kan ein slappa av og verkeleg vera til stades, seier han.