Hopp til innhold

Miller gav blaffen

Brann-leiinga refser Charlie Miller fordi han ikkje møtte opp for å ta imot sølvmedaljen etter kampen mot Ham-Kam sundag.

Branns Charlie Miller møtte ikke opp til medaljeseremonien på Brann Stadion sundag etter 2-1-sigeren mot Ham-Kam.

Då Brann-spelarane mottok sølvmedaljane, var ikkje bergenslagets popoulære skotte å sjå.

Bør få ei forklaring

Styreformann i Brann, Magne Revheim, er ikkje særleg begeistra over Millers framferd.

- For alle som er engasjerte i dette, hadde vi sjølvsagt sett pris på at han sluttet opp om medaljeseremonien.

Brann-leiinga vil ikkje seie om hendinga får konsekvensar for Miller. Revheim vil først og fremst få fakta på bordet i denne saka.

- Vi bør iallfall få ei forklaring på kvifor han ikkje deltok.

Charlie Miller har tidlegare gitt uttrykk for at kan vere interessert i å reise frå Brann etter denne sesongen. Mot Ham-Kam sundag kom den 30 år gamle midtbanespelaren aldri på bana.

Det har ikkje lukkast NRK å få snakke med Miller, men til Nettavisen skriv han i ein sms at ikkje visste om utdelinga av medaljane.