SV-nestleiaren ramma av brystkreft

Oddny Miljeteig (60) mistar haustens valkamp etter å ha fått påvist alvorleg kreftsjukdom.

Oddny Miljeteig på talerstolen under 1.mai markering i Bergen

KREFT: Nestleiar i SV, Oddny Miljeteig har starta behandling for brystkreft på Haukeland sjukehus i Bergen.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Vi kjem til sakne Oddny veldig i valkampen. Ho er ein fantastisk inspirasjon for oss alle saman, seier SV-leiar Audun Lysbakken til NRK.

Det var tidlegare i sommar at SV-nestleiar og 1.-kandidat for partiet i Bergen, Oddny Miljeteig fekk påvist brystkreft etter ei undersøking på Haukeland sjukehus.

Den 60 år gamle politikaren har starta cellegiftbehandling og er glad og takknemleg for å vera i dei beste hender på Haukeland.

  • SE INTERVJU MED SV-LEDER AUDUN LYSBAKKEN:
SV-leder Audun Lysbakken om Oddny Miljeteigs kreftsykdom

MÅ KLARE SEG ALENE: SV-leder Audun Lysbakken sier partiet både nasjonalt og lokalt vil savne Miljeteig mens hun er borte.

Mistar valkampen

Normalt skulle den engasjerte politikaren no vore svært delaktig i SV sin viktige valkamp før kommunevalet i september.

Det blir det naturleg nok ikkje noko av no. Miljeteig stiller til val, men kreftdiagnosen gjer at ho ikkje vil delta i valkampen, og brukar tida på å samle krefter og bli heilt frisk igjen.

Legane på Haukeland trur politikaren må behandlast for brystkreften i rundt eit år framover, og håpet er at politikaren skal bli heilt frisk att og aldri få tilbakeslag.

– Eg kjem tilbake, og eg oppfordrar alle SV-arar i heile landet til å ta ei ekstra valkampøkt for meg!, seier Miljeteig i ein pressemelding.

Brennande engasjert politikar

Oddny Miljeteig er godt kjent på Vestlandet og i Bergen som ein framståande og svært populær politikar med sterke meiningar. Ho har over 30 års fartstid, og har nærast vore ein politisk morsfigur for SV-leiar Audun Lysbakken.

Audun Lysbakken og Oddny Miljeteig på SV sitt landsmøte

LANDSMØTE: Leiar Audun Lysbakken og nestleiar Oddny Miljeteig saman på landsmøte til SV tidlegare i år.

Foto: Mathiesen, Tor Erik H. / NTB scanpix

I vår vart 60-åringen vald som ny nestleiar i SV.

– Eg tykkjer det er fantastisk at ein samla valkomite vil ha ei kjerring på 60, sa ho spøkefullt til NRK.

Politiske saker som ligg hennar hjarte nærast er asylborn, ruspolitikk og kampen mot fattigdom. Miljeteig er også brennande engasjert i helse- og sosialsaker og likestilling.

– Vi i SV har same utgangspunkt som legane på Haukeland; Oddny skal bli heilt frisk igjen og vi rettar blikket mot den dagen ho kjem tilbake. Vi er mange som har fått ekstra inspirasjon til å gjera ein flott valkampen for Oddny. Det er ho vi skal drive valkamp for, seier Lysbakken.

Audun Lysbakken og Mikkel Grüner

Mikkel Grüner, 2.-kandidat for Bergen SV og leiar Audun Lysbakken fortel om Miljeteigs kreftsjukdom.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Blir frontfigur

I valkampen i Bergen blir det no 2.-kandidat Mikkel Grüner som blir SVs frontfigur.

– Vi heiar på Oddny og forventar å få ho tilbake når ho er ferdig med behandlinga, seier Grüner til NRK.

– Vi har ein god administrasjon og er godt rusta for valkamp, og det er Oddny sin forteneste. Vi skal alle gi eit ekstra gir no den neste månaden.

Søk i valresultata

valg-dekorasjon