Her kjem regn, storm – og snø

Opp mot 130 millimeter nedbør skal falla over Vestlandet det neste døgeret. Er du i fjellet, kan du venta snø. I august. – Eit skikkeleg ruskevêr, varslar meteorolog.

Værkart august 2016

Lokalt er det venta opp mot 130 millimeter nedbør det neste døgeret. Verst skal det bli i midtre strok.

Foto: yr.no / Twitter

Vassføringa er venta å vera på det høgste tysdag, men mesteparten av regnet vil falla i dag, seier vakthavande hydrolog for flaumvarslinga i NVE, Heidi Backe Stranden.

– Det verste vil koma i dag. Slik det ser ut no skal det koma mest sør for Hardangerfjorden, men også nord vil det koma ein del nedbør.

Heidi Bache Stranden

ÅTVARAR: – Vassføringa i elvar og bekkar vil auka ganske mykje det neste døgeret, åtvarar vakthavande hydrolog i i NVE, Heidi Backe Stranden.

Foto: NVE

Vassføringa vil auka

I oktober for to år sidan fekk store nedbørsmengder elva Opo i Odda til å flauma over. Fleire hus vart vaska ut i elva og nedbøren førte til store materielle skader.

Hydrologen oppmodar kommunar i utsette område til å passa på.

– De har ikkje akkurat hatt ein tørr sommar på Vestlandet. Det regna mykje i går og det er allereie mykje vatn i elvane. Vassføringa i elvar og bekkar vil auka ganske mykje det neste døgeret, seier Stranden, som ber publikum følgja med på varsom.no.

– Syt for at sluk og avløp er opne slik at vatnet får renna dit det skal.

Odda-ordfører Roald Aga Haug

BEREDSKAP: – Me sjekkar stikkrenner og ser til at me har sandsekkar og utstyr nok til å handtera vassmengder, seier Odda-ordførar Roald Aga Haug.

Foto: Tale Hauso/ARKIV / NRK

Beredskap i Odda

Det gjer ordførar i Odda, Roald Aga Haug (Ap).

– Me ser at vassføringa stig på morgonkvisten. Sjølv om ikkje Odda ser ut til å få den verste nedbøren, er me nøydde til å halda oss i beredskap. Me sjekkar stikkrenner og ser til at me har sandsekkar og utstyr nok til å handtera vassmengder, seier ordføraren.

Sivilforsvaret i Odda er ikkje kalla inn.

– Vassføringa i elva ligg på eit låg nivå samanlikna med det me har opplevd før, men me følgjer nøye med.

Vannskader i kulturhuset på Voss.

2014: Slik såg det ut då elva Opo flauma over i oktober for snart to år sidan. Fleire hus i Odda rasa ut i elva.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Verst i midtre strok

Statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid har lite oppløftande meldingar å koma med. Regnet som har kome er berre ein forsmak.

– Områda rundt Stølsheimen, Kvamskogen og Folgefonna vil truleg få den verste nedbøren. På Folgefonna kan ein få opp mot 130 millimeter fram til tysdag føremiddag. I ytre strøk og i områda rundt Voss vil nedbøren koma på den nedre del av skalaen.

Som om ikkje kraftig nedbør var nok, er det også venta kraftige vindkast innover landet frå og med i kveld.

– Særleg frå i kveld og i natt kan ein venta vestleg sterk kuling, kan hende storm utover natta. Dette blir eit skikkeleg ruskevêr, åtvarar Fagerlid.

Geir Ottar Fagerlid

HAUSTLEG: Haddet kalenderen vist oktober hadde vêret vore som det plar. Restar av sommarvêret kan me enno sjå langt etter. – Dette minnar sterkt om haust, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Snø over 1.000 meter

Regnet vil etter kvart spakna utpå dagen i morgon, men det betyr ikkje at haustvêret takkar av. Trass i at det nærmar seg skulestart, kan ein vakna til snødekte toppar om ein framleis befinn seg i høgden.

– Onsdagen blir ikkje så verst, men temperaturen vil falla. Om natta vil me få mellom 5 og 10 grader. Dette minner sterkt om haust, det er det ingen tvil om, seier statsmeteorologen.

Men kanskje får me også oppleva eit hint av vinter.

Natt til onsdag kan nedbøren koma som snø over 1.000 meter. Natt til torsdag kan snøbygene krypa ned til 800 meter.

– Det er heller ikkje særlege dagtemperaturar å snakka om, konstaterer Fagerlid.