Hopp til innhold

Menneskelevninger funnet i Åsane

  • Truleg mannsperson som er funne

    Det er truleg levningane av ein mann som er funne i skogområdet ved Breistein i Åsane. Det opplyser rettsmedisinsk institutt til NRK. Politiet trur det kan vere den sakna John Arve Breivik (54), som det har vore søkt etter i same område før. Det er sendt beinvev til DNA-analyse, men det vil ta nokre dagar før resultata er klare.

    Vakthold etter likfunn på Breistein
    Foto: John A. Nøstdal / NRK
  • Obduseres først tirsdag

    Levningene som ble funnet på Breistein i går blir først undersøkt ved Gades Institutt i morgen. Politiet vet fortsatt ikke om personen som er funnet er en mann eller en kvinne. I dag skal funnstedet gjennomsøkes av kriminalteknikere. Det skal også søkes med hundepatruljer i området.

    Person funnen død på Breistein i Åsane
    Foto: Ole Andrè Lagmanndokk / NRK
  • Blir obdusert i morgon

    Levningane etter eit menneske som vart funne i Åsane i ettermiddag blir i kveld frakta til Gades institutt. Rettsmedisinske undersøkingar blir gjort måndag. Krimteknikarane er framleis på funnstaden og jobbar. – Dei vil halda på litt til, og så skal me ha vakthald på staden i natt. I morgon tidleg tar me opp att undersøkingane, seier Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.