NRK Meny
Normal

Tidlegare mellomleiar dømd for underslag

Mannen i 50-åra underslo fleire millionar kroner frå Bergen kommune. No er han dømd til fengsel.

Bergen Rådhus

TILSTOD: I går tilstod mannen frå idrettsservice i Bergen kommune for å ha underslått til saman 5,6 millionar kroner. Fredag kom dommen.

Foto: Runa Victoria Engen

For eit år sidan avdekka Bergen kommune at ein tilsett har stått bak omfattande økonomisk underslag. Mannen som jobba ved avdelinga for idrettsservice har innrømt alt og har fått sparken. Tilståingssaka byrja i Bergen tingrett i går.

Der erkjente mannen erstatningsansvar for underslaget som har ein storleik på 5,6 millionar kroner. I dag kom dommen frå tingretten.

Den lyder på fengsel i to år og to månadar, skriv Bergens Tidende.

«Grovt misbruk»

Aktor i saka bad i sin prosedyre om fengsel i to år og ni månader. I dommen frå tingretten heiter det at «siktede har vist et fast forbrytersk forsett og har grovt misbrukt den tilliten han har hatt i sin mellomleder-stilling i Bergen kommune».

Millionunderslaget gjekk føre seg i ein periode på ti år. Mannen i 50-åra fakturerte kommunen sine kundar, men tok pengane til seg sjølv.

Mellom kundane som vart fakturert var Sportsklubben Brann og Helse Bergen.

Speleavhengig

Bergensavisen skreiv i går at mannen forklara underslaget med speleavhengnad.

BAKGRUNN: Fekk sparken etter underslagssaka

Pengane skal ha gått til pengespel blant norske og utanlandske tippeselskap.

– Det heile sit i hovudet, i forhold til andre måtar å bli avhengig er det ikkje fysiske teikn på den. Men ein går rundt med ei enorm sjølvforakt. Store deler av livet handlar om suget som ligg i spenninga i spelet, siterer BA mannen i retten.

LES OGSÅ: – Alvorlig systemsvikt i Bergen kommune

– Sjølvforakt

Bergen kommune har kome fram til at mannen har underslått ein sum på 5.6 millionar kroner, i eit tidsrom frå 2003 til han vart tatt i 2013. Politiet har rekna seg fram til eit noko høgare beløp, men det er denne summen kommunen krev erstatning for.

– Eg har sjølvforakt på grunn av det eg har gjort. Eg føler for å gjere opp for meg, sa han i forklaringa skriv Bergens Tidende.

Saka kom opp som ei tilståingssak. Det vil seie ei enkel behandling i retten utan vitneførsel. Sidan den sikta tilstår utan atterhald kan han få ein strafferabatt på mellom 15 og 30 prosent.

Siste video

Transportselskapet Skyss forsøker seg på verdsrekord - for å setje fokus på refleksbruk.