Hopp til innhold

Her er Brann sin nye sjef

Styret i Brann har konstituert Vibeke Johannesen som dagleg leiar i Brann.

Vibeke Johannesen

NY SJEF – FOR NO: Vibeke Johannesen tek over roret etter dagleg leiar Roald Bruun-Hanssen som trakk seg på måndag.

Foto: BRANN.NO

Det melder klubben sjølv på sine nettsider.

Roald Bruun-Hanssen har hatt rolla som dagleg leiar sidan hausten 2006, men trakk seg etter maratonmøtet måndag kveld. Då vart det informert om at nestleiar Terje Marthinsen tok over roret på mellombels basis.

– Etter å ha vurdert den omfattande arbeidsoppgåva det vil vera å kombinera dagleg leiarfunksjon med økonomiansvaret i Brann, har eg konkludert med at det beste for klubben er at eg fokuserer på økonomien, seier Marthinsen til brann.no.

Stokkar om

Derfor henvendte han seg til styreleiar Rolf Barmen og bad om at nokon andre måtte ta over rolla som dagleg leiar for no.

– Det var lett å konstituere ho som dagleg leiar, seier Barmen om 39 år gamle Vibeke Johannessen som byrja i Brann i 2005. Sidan hausten 2010 har ho vore salssjef for bedriftsmarknaden.

– Dette var eg sjølvsagt ikkje førebudd på, men eg kjem til å jobbe hardt for å bidra til å løyse Brann sine utfordringar, seier Johannesen.

– Styret er heilt sikre på at ho kjem til å leia klubben på ein god måte fram til permanent leiar er på plass, avsluttar Barmen til klubbens nettsider.