NRK Meny
Normal

Melder Vegvesenet til politiet: 300 lastebilar med stein dagleg på skuleveg

HORDNES (NRK): Kvar dag dundrar 300 trailerar med stein langs skulevegen. No melder bebuarane Statens vegvesen til politiet for brot på trafikkreglane.

Kvar dag dundrar 300 trailerar med stein langs skulevegen på Hordnes. No melder bebuarane Statens vegvesen til politiet for brot på trafikkreglane.

– Me går på nåler og ventar på at det skal skje ei ulukke.

Det seier Ernst Nygaard, ein av bebuarane som meiner tryggleiken er dårleg når Statens vegvesen i lang tid skal få frakta stein til deponiet i Hordnesvegen.

Det er arbeidet med tunnelen på ny E39 mellom Rådal i Bergen og nabokommunen Os som har skapt stor anleggstrafikk på Hordnes i Fana bydel.

Ernst Nygaard

FRYKTAR ULUKKE: Det går ein konstant straum av trailerar med steinmassar langs skulevegen. Ernst Nygaard er blant innbyggjarane som melder vegvesenet til politiet for brot på trafikkreglane.

Foto: Torstein Sørheim Bjørkås/NRK

– Dagleg livsfarleg

Steinmassar frå ni kilometer tunnelsprenging blir køyrd forbi skular og idrettsanlegg. Dagleg passerer 300 trailerar på skulevegen til elevar som må gå både langs og over vegen.

– Det skjer ofte livsfarlege situasjonar ved Kirkevoll skole og Stend vidaregåande skole i samband med steintransporten.

Ein gut på 14 år vart nesten drepen av ein lastebil i oktober.

Anne-Margrete Bollmann

Det seier Anne-Margrete Bollmann. Ifølge henne vart ein 14-åring nesten drepen av ein lastebil i oktober.

– Bryt vikeplikta

– Mora sende brev til Statens vegvesen. Også mine born er livredde for situasjonen. Me er mange foreldre som har skreve til Bergen kommune og skulane, men ingenting skjer.

Denne veka filma dotter hennar det Bollmann meiner var eit typisk døme.

– To lastebilar suste over fotgjengarfeltet med born like ved. Den eine guten måtte springa over vegen mellom lastebilane som kom kvar sin veg.

Andre videoklipp viser trailerar i stor fart gjennom eit vegkryss der personbilar må stoppa sjølv om dei har forkøyrsrett.

No har Hordnes Vel meld Statens vegvesen til politiet for brot på trafikkreglane.

Det er ikkje me som køyrer bilane.

Sverre Ottesen, prosjektleiar Statens vegvesen

– Det handlar særleg om sikring langs vegen, men også at trailerane skapar farlege situasjonar når dei ikkje overheld vikeplikta for gåande og køyrande, seier Nygaard.

Vedgår trafikkfare

Prosjektleiar i Statens vegvesen, Sverre Ottesen, er klar over dei farlege situasjonane anleggstrafikken skapar.

– Me tar jo trafikktryggleik på høgaste alvor. Men det er inga hemmelegheit at 300 semitrailerar dagleg lagar støv og støy og potensiell trafikkfare.

Sverre Ottesen, Statens Vegvesen

TRAFIKKFARLEG: Prosjektleiar Sverre Ottesen i Statens vegvesen meiner det er ein grenseoppgang om dette er Statens vegvesen sitt ansvar.

Foto: Torstein Sørheim Bjørkås/NRK

Han seier dei får mange negative tilbakemeldingar.

– Me har stor pågang frå folk som ikkje likar oss. Men me klarer ikkje å få bygga denne tunnelen utan å få steinen vekk.

Ottesen vil ikkje kommentera den konkrete politimeldinga.

– Stort sett køyrer sjåførane veldig bra. Men akkurat som når du og eg køyrer heim frå jobb, bryt me av og til vikeplikta.

– Ikkje vegvesenets sjåførar

Han stiller spørsmål ved kven som då har ansvaret.

– Viss ein av dei 300 daglege lastebilane ikkje har stoppa eller halde vikeplikta, er det ein grenseoppgang om dette er Statens vegvesen sitt ansvar. Det er ikkje me som køyrer bilane. Me har betalt Veidekke for steintransporten.

Nygaard håpar politiet vil etterforska saka.

– Dei må vurdera om det er gjort nok for å gjera transporten og deponidrifta trygg nok.

Siste video

Vegvesenet rydder på rasstedet på riksvei 13 i Odda, der to biler ble truffet av et steinras.