NRK Meny
Normal

Melder justisministeren til politiet

Raudt Hordaland melder justisminister Grete Faremo til politiet for utkastinga av 12 år gamle Neda Ibrahim og familien hennar. – På grensa til barnemishandling, meiner stortingskandidat Odd Arild Viste.

Neda og Grete Faremo

VERT MELDT TIL POLITIET: Justisminister Grete Faremo.

Foto: Helge Carlsen/Tine Poppe (fotomontasje)

– Ho er den øverste ansvarlege for den behandlinga Neda og familien har fått, seier stortingskandidat for Raudt Hordaland, Odd Arild Viste til NRK.no.

Han vil saman med Torstein Dahle i Raudt Hordaland melde justisministeren til politiet for brot på straffelova og barnekonvensjonar.

Det var natt til 11. juni at 12 år gamle Neda Ibrahim og familien hennar vart henta av politiet i heimen sin på Dale i Sandnes.

Familien har budd i Noreg i 10 år men er no sendt tilbake til Jordan.

– Omsynslaust

Raudt meiner familien er utsett for omsynslaus og krenkande åtferd under tvangsutkastinga.

– Politiaksjonen gir assosiasjonar til regimer Norge ikkje vil bli samanlikna med skriv stortingskandidat Viste i ei pressemelding.

Til NRK seier Viste at han håpar anmeldinga vil føra til to ting.

– Det første er sjølvsagt at måten folk blir sendt ut på vert endra. Å hente born midt på natta meiner vi er på grensa til barnemishandling. Og så håpar vi asylpolitikken vert endra i tråd med FN sin barnekonvensjon, utdjupar Viste.

Raudt Hordaland vil overlevera meldinga ved Bergen politikammer i morgon tidleg.

– Ingen kommentar

Justisdepartementet vil torsdag ettermiddag ikkje uttale seg om saka.

– Vi har ingen kommentarar til anmeldinga av Grete Faremo fra partiet Raudt, seier Trond Øvstedal i Justisdepartementet.


Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik
Lars Vaular, Nordvegen, Marius Neset, Terje Isungset og Eivør underholdt tusenvis på Torgallmenningen.
Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen møtte NRKJ-leder Richard Aune.