Meir til Hordaland teater

Hordaland fylkeskommune vil løyve 1 million meir til Hordaland teater i budsjettet for 2019. Teateret har etablert ein nynorsk scene i Bergen, på bakgrunn av vedtak i fylkestinget. Pengane skal nyttast til å bevare turneverksemda samstundes som dei driv nynorskscenen.