NRK Meny
Normal

Meir til asfalt – dyrare buss

Slike fylkesvegar er vinnaren i Hordaland fylkeskommune sitt budsjett for 2015. Men busspassasjerane må punga ut langt meir enn i dag.

Fylkesveg 391 i Lindås kommune

MEIR TIL ASFALT: Slike vegar, som Fylkesveg 391 i Lindås, skal få ei etterlengta ansiktsløfting i 2015.

Foto: Statens vegvesen

Fylkespolitikarane i Hordaland vedtok tysdag ettermiddag budsjettet for 2015.

Fleirtalspartia Høgre, Framstegspartiet og Venstre sitt viktigaste grep er ei påplussing på 60 millionar for å få redusert vedlikehaldsetteslepet på fylkesvegane.

bybane og buss

PRISHOPP: Dei som reiser med buss og bane i Bergen må belaga seg på eit kraftig hopp i billettprisane neste år.

Foto: Runa Victoria Engen

Satsinga skal gjera det mogeleg å legga ny asfalt på seks prosent av den samla fylkeskommunale vegstrekninga.

Påplussinga på vert finansiert ved å tappa fylkeskommunen sitt disposisjonsfond. Det er tidlegare dokumentert at fylkesvegane Hordaland har det største vedlikehaldsetterslepet i landet.

Dyrare buss

På same tid vert fylkesrådmannen sitt forslag om å auka prisen på billettar til buss og bybane vidareført. Det gjer at prisen for den rimelegaste enkeltbilletten vert 35 kroner i 2015, mot 31 kroner i år.

Tom Skauge

KRITISK: Tom Skauge frå SV.

Foto: Sølve Rydland

I tillegg forsvinn dagens rabatt for billettkjøp på mobiltelefon.

Opposisjonen er kritiske til at fleirtalet brukar nesten heile handlingsrommet på asfalt, samstundes som kollektivbillettane vert dyrare.

– Budsjettet svarar på inga måte på dei miljøutfordringane me står midt oppi, sa Tom Skauge frå Sosialistisk Venstreparti.

Tom Sverre Tomren frå Miljøpartiet Dei Grøne meiner politikarane i Hordaland har eit særleg ansvar.

– Om me vil at fleire skal ta buss, er ikkje dette vegen å gå. Statistikkane viser at Hordaland er eit absolutt vertsting når det kjem til miljøutslepp, sa Tomren.

LES OGSÅ: Nå blir det én busstakst i hele Hordaland

Mindre vekst på månadskort

Fleirtalspartia nyttar 7 millionar for å redusera den føreslegne prisveksten på månadskort frå 780 til 745 kroner.

I dag kostar månadskortet 690 kroner.

LES OGSÅ: Så mykje kostar ein meter veg

– Bussane treng vegar

Terje Søviknes

FORNØGD: Terje Søviknes frå Framstegspartiet

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Høgre sin gruppeleiar i fylkestinget Mona Røsvik Strømme meiner satsinga på asfalt òg kjem kollektivtrafikken til gode.

– Bussane treng og gode vegar å køyra på. Elles vert det ikkje gunstig å bu i distriktet, kontra Høgre sin gruppeleiar Røsvik Strømme i sitt innlegg i budsjettdebatten.

Terje Søviknes frå Framstegspartiet meiner det er feil å påstå at veg vert prioritert framfor kollektivtrafikk.

– Eg vil gjera fylkestinget merksame på at det ligg inne meir enn dobbelt så mykje til drift av kollektivtransport, som til drift av fylkesvegane i budsjettet, sa Søviknes frå talarstolen.

Den totale ramma på 11 milliardar har politikarane omfordelt 79 millionar kroner.

LES OGSÅ: Vegvesenet gliser hele veien til banken

Siste video

Programleiar: Tale Hauso
Panini-bølgen sprer seg over landet under VM.
Kvinner i klart undertall gatelangs i Bergen. Nå blir det endring.