For øvrige riksvegar er dette ein auke frå i år, som hovudsakleg skuldast store tilbakebetalingar av forskot på fullførte prosjekt.
Boge i Vaksdal får tunnel
- Det er svært gledeleg at vi kjem i gang med bygging av tunnelen bak Boge på E16 i Vaksdal neste haust, seier vegsjef i Hordaland Ole Christian Torpp.
Holmefjordparsellen
Det vert også sett i gang arbeid på den fire kilometer lange Holmefjordparsellen på riksveg 48 i Fusa, takka vere lokal forskottering.
Utbetring Sagvåg-Dypvik
Eit tredje vegutbetringsprosjekt som kjem i gang neste år er riksveg 545 Sagvåg-Dybvik på Stord, også her som eit resultat av lokal forskottering.
Rassikring i Hardanger
Rassikring i Hardanger held fram også i 2001, med ei løyving på 10 millionar kroner til tiltak på riksveg 13 ved Sandvinvatnet i Odda.
Brannsikring i tunnelar
På landsbasis skal det neste år brukast 40 millionar kroner til brannsikring i tunnelar. Det er uvisst kor mykje Hordaland får av dette, men berre i Bergen er det i 2001 behov for 50 millionar kroner. Departementet skriv at det vil måtte ta lengre tid å imøtekoma brannvernkrava.
Aurland-Hol vinterstengt
Riksveg 7 over Hardangervidda skal brøytast også komane vinter, medan riksveg 50 Aurland-Hol blir vinterstengt.