Sidan 1983 er fleire born født med misdanningar etter at fedrene deira jobba på missiltorpedobåten KNM Kvikk.
- Ikkje overraskande
Cato Rasmussen i foreldregruppa er ikkje overraska over at undersøkingane fortset.
Mange born blei fødde med misdanningar etter å ha hatt fedre som jobba på KNM Kvikk.
- Dersom ein ikkje ville hatt svar på kva som eigentleg skjedde og stoppa undersøkingane no, så ville eg blitt svært forbausa, fortel han.
Arbeidet fortset ut 2006
Det er forskarar ved Universitetet i Bergen som skal forska vidare i saka. Arbeidet skal i første omgong fortsetja ut 2006.
- Dersom ein ikkje kjem i mål i løpet av den tidsramma, så må arbeidet fortsetja vidare, meiner Rasmussen.