Hopp til innhold

Klarte ikkje gjenskapa dødsbølga på 260 forsøk

Dødsulukka på COSL Innovator får konsekvensar for norske riggar i Nordsjøen. No må oljenæringa forsterke flyteriggane sine før vinterstormane set inn.

COSL og Marintek har gjennomført bølgetestar i Trondheim etter dødsulukka

STORMTEST: Modellen av flyteriggen vart utsett for 260 stormscenario i bassenget til Marintek i Trondheim.

Foto: Siw Hermanstad / Marintek

Ein mann omkom då ei kjempebølge trefte riggen «COSL Innovator» på Troll-feltet i Nordsjøen, 30. desember 2015. To andre arbeidarar fekk lettare skader, medan 44 personar vart evakuert same natta grunna uvêret.

COSL, som mista ein arbeidar under stormen på vesle nyttårsaftan, har sidan ulukka skjedde lagt ned omfattande arbeid for å hindre at noko liknande skal skje igjen.

Rekonstruerte 260 stormscenario

I eit basseng i Trondheim har COSL saman med Marintek i sommar sett opp ein modell av same type som «COSL Innovator», og festa over 100 sensorar på modellen.

Deretter har dei utsett modellriggen for over 260 ulike 100-årsstormar.

– Men ikkje ein einaste gong klarte vi å rekonstruera den bølga som trefte «COSL Innovator» den ettermiddagen, seier direktør Jørgen Arnesen til NRK.

– Det seier litt om kor uventa og enorm denne bølga har vore. Dette minner om ei titusenårsbølge.

Det var Dagens Næringsliv som først omtala COSLs bølgeforsøk i Trondheim.

Knuste ruter på COSL Innovator

Kjempebølga som trefte COSL Innovator på Troll-feltet i Nordsjøen, knuste vindauge og gjorde stor skade innvendig i lugarane.

Foto: Leif Rune Løland

Får konsekvensar

Arnesen meiner arbeidet som COSL og Marintek har lagt ned i løpet av året er banebrytande. Så omfattande testar har ikkje blitt gjennomført på flyteriggar før.

– Testane har gitt viktig og ny kunnskap både til oss og som vi har delt vidare med næringa, seier Arnesen.

Og arbeidet etter den første dødsulukka i bransjen sidan 2009, får konsekvensar.

Straks er DNV-GL klare med ein ny standard for semiriggar på norsk, britisk og canadisk sokkel, som vert sett i verk i løpet av hausten.

Nye krav

Den nye standarden set nye krav og retningslinjer til korleis riggane skal vera forsterka for å tola liknande vêr og bølger.

– Her har vi hatt ei alvorleg dødsulukke og vi har ny kunnskap om korleis store bølger behandlar riggane. At det kjem endringar er heilt sikkert, seier talsmann Per Wiggo Richardsen i sertifiseringsselskapet DNV-GL til NRK.

I Nordsjøen finst det ifølge Petroleumstilsynet 54 semiriggar som hamnar i same klasse som «COSL Innovator». Kor mange av dei som må gjera utbetringar, er uvisst.

Klar om få dagar

Richardsen fortel at dei også har følgt med på liknande bølgetestar mellom anna i Nederland, og at DNV-GL nærmar seg konklusjonane på dei nye standardane.

Dei ny krava går mellom anna ut på å forsterka vindauge og dekk, samt operasjonelle tiltak under stormvêr.

COSL har allereie sveisa att vindauga på både «Innovator» og søsterriggane.

– Vi har også sjekka og sikra at alle vatn- og vêrtette dører toler dei bølgene riggen no er testa til, forklarer Arnesen.

NRK kjenner også til andre riggselskap som allereie har gjennomført forsterkingar på sine flyteriggar. NRK får opplyst at nødvendige ombyggingar for å møte dei nye krava vil ta kring ei veke å gjennomføra.