Hopp til innhold

Meinte det ikkje var innbrot

Vindauget var knust, ei øks låg i gangen, krydder var strødd utover og mora meiner smykke var stolne. Likevel skal påtaleleiar Sidsel Isachsen i januar ha meint at Monika Sviglinskaja sin heim ikkje bar preg av innbrot, skriv Bergens Tidende.

Jente funnet død på Sund

IKKJE INNBROT: Sidsel Isachsen skal ha sagt på eit internt møte at ho stilte spørsmål ved om det var utført eit innbrot i huset der Monika vart funne død.

Foto: Presttun, Remi Bøe / NTB scanpix

– Eg stiller spørsmål ved om smykke faktisk var vekke frå åstaden – som elles ikkje bar preg av innbrot, skal Sidsel Isachsen ha sagt, ifølge Bergens Tidende.

Dette skjedde under eit internt møte om dødsfallet til Monika i januar i år.

Reagerte

Ein intern varslar i politiet skal ha reagert på utsegna til Isachsen, og påpeika også at den tidlegare sambuaren tidlegare var bøtelagt for tjuveri i Noreg.

Den tidlegare sambuaren til mor til Monika skal også ha blitt meldt for fleire innbrot tidlegare, men desse sakene vart lagt vekk grunna manglande bevis.

Stefaren til Monika er no sikta for drap og innbrot, og dermed har politiet gjort ein heilomvending.

Endra konklusjon

Monika Sviglinskaja

FUNNE DØD: Monika (8) vart funne død den 14. november 2011.

Foto: PRIVAT / NTB scanpix

Måndag 14. november i 2011 rykka politiet ved Sund lensmannskontor til bustaden til der åtte år gamle Monika og mora Kristina Sviglinskaja budde.

Det som møtte dei var ei i open inngangsdør med ei rute i frosta glas. Denne ruta var knust, og tresprossane stod lent mot murveggen. Frå nedre del av døra og opp til vindauget var det 112 centimeter.

Innafor døra ligg det ei øks og ein klut. Dette stod vanlegvis utanfor inngangsdøra fordi Kristina Sviglinskaja nokre gonger hogga ved. Kluten er no dekka av glasbitar.

Politiet konkluderer seinare med at holet «verkar til å vere laga med øksa», men seinare får Kristina høyre at det knuste vindauget ikkje var eigna for innbrotstjuvar. Dette fordi ein kunne kutte huda og kleda på glasskåra.

Seinare motbeviser Kripos politiet sin påstand i rekonstruksjon. Ein uvedkommande kan klare å rekke ned til løsen på døra gjennom vindauget.

Avleda hundar

I eit internt møte i januar i år, påpeika leiinga av etterforskinga at dei ikkje kunne sjå nokon grunn til at nokon ville strø krydder utover på kjøkkenet og i stova.

Tidlegare politioverbetjent ved valdsavsnittet i Oslo, Finn Abrahamsen, har ei mogeleg forklaring på kvifor det vart funne krydder spreidd på åstaden.

– Dette kan vera ei form for avleiing som har betydning dersom politiet brukar sporhundar, seier Abrahamsen til Bergens Tidende.

Han legg særskild vekt på at 32-åringen som no er sikta i saka har budd i huset tidlegare.

– Hundane ville difor kunne kjenne han igjen, og krydderet kan altså ha blitt brukt for å avleie dei, seier Abrahamsen.

La vekk sak

Kristina Sviglinskaja skal ha meint at det forsvann smykke til ein verdi av 20.000 kroner etter kvelden Monika vart funne død.

Mora melde tjuveriet til politiet, men saka vart lagt vekk. Ho hadde ikkje innbrotsforsikring.

Mora skal ikkje ha blitt trudd av politiet. Knust vindauge, øks i gangen, og smykke som var vekke var ikkje nok.

I det interne møtet i januar peika varslaren i politiet på at det var svært spesielt dersom åtte år gamle Monika sjølv hadde prega åstaden slik det såg ut.