Hopp til innhold

Meiner totalforbod mot grilling er ugyldig: – Klønete løyst, seier jussprofessor

BERGEN (NRK): Brannvesenet kan ikkje nekta folk å grilla på verandaen sin, seier jussprofessor. – Flisespikkeri, svarar brannsjef.

Professor Hans Fredrik Marthinussen står utanfor juridisk fakultet ved UiB

ULOVLEG FORBOD: Jussprofessor Hans Fredrik Marthinussen meiner at brannvesenet ikkje kan forby folk å grilla heime.

Foto: Bente Kjøllesdal / NRK

Mai 2018 gjekk inn i historiebøkene som den varmaste nokon gong. Og godvêret har halde fram. Dei fleste gler seg over solstrålane, men for nokre er forbodet mot å grilla eit skar i gleda.

Mange kommunar i Sør-Noreg har forbode all bruk av open eld utandørs. Også mot å grilla heime på verandaen.

Men Hans Fredrik Marthinussen, som er jussprofessor ved Universitetet i Bergen, seier at forbodet er ulovleg.

– Det finst måtar for å forby grilling utandørs, men her har ikkje kommunen og brannvesenet gjort det på rett måte. Og folk som bryt eit ugyldig forbod, kan ikkje straffast, seier han.

Ifylgje Marthinussen må eit slikt forbod koma gjennom ei forskrift, som kommunen må laga. I Bergen er det brannvesenet som har innført forbodet.

– Ein kan godt kalla det formaljuss, men reglar må fylgja grunnleggjande rettsstatlege krav. Om ikkje, kan maktutøvinga verta vilkårleg, seier Marthinussen.

Kommunen kan pålegge nødvendige brannverntiltak i enkelttilfeller for ethvert byggverk, opplag, områder, tunneler m.m. [...]

Brannvernlova

– Klønete gjort

– Dette er veldig enkelt. Kommunen må laga ei forskrift. Denne skal fylgja nokre enkle, formelle krav, seier han.

Rett skal vera rett, og ifylgje Marthinussen tek det ikkje meir tid å gjera det på rett måte. Han meiner det heile er klønete utført.

Tre gutar grillar i Nygårdsparken i Bergen

FØR FORBODET: Tre gutar grillar i Nygårdsparken i Bergen før forbodet vart innført.

Foto: Bente Kjøllesdal / NRK

– Paragrafar sløkkjer ikkje brannar

I Bergen har brannvesenet gjort dette med opne augo, seier brannsjefen.

Situasjonen i og rundt Bergen er ekstrem. Det har vore ein månad med uttørking og brannsjef Leif Linde seier at det no er aktlaust å bruka eld utandørs.

I samråd med Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), kom brannsjefen fram til at paragraf 5 i brannvernlova var rett å bruka.

– Folk må forstå at dei må vera aktsame, og det er jobben vår å gjera dei klare over det. Det er ingen paragrafar som har sløkt brannar, seier han.

§ 5. [...]
Enhver plikter å vise alminnelig aktsomhet og opptre på en slik måte at brann, eksplosjon og annen ulykke forebygges. [...]

Brannvernlova

Grillforbodet i eigen hage i Rogaland vart i all hovudsak oppheva fredag. I Bergen vurderer brannvesenet situasjonen kontinuerleg, men det er ikkje aktuelt å fjerna grillforbodet no, seier Linde.

Kommunen har fylgt råda frå DSB

– Me veit at det har vore ein diskusjon om lovbruken i denne saka, og difor har me bede DSB om rettleiing, og me har fylgt dei råda me har fått, seier kommunaldirektør Robert Rastad.

Robert Rastad

FYLGDE RÅDA: Kommunaldirektør Robert Rastad seier at dei bad DSB om råd i saka, og gjorde som dei fekk råd om.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Han meiner at DSB må gjera ei vurdering av råda dei har gjeve, slik at det tydeleg kva som er rette måten å gjera dette på. Samstundes er han ikkje i tvil om at det var rett å innføra forbod mot grilling heime.

– Dersom DSB konkluderer med at det må på plass ei lokal forskrift, ordnar me det til neste gong me får ein slik situasjon, seier Rastad.