Meiner tiltalt gav godteri til barnehagebarn for å skape tillit

BERGEN TINGRETT (NRK): Den tidlegare barnehagetilsette (33) skal ha gitt gåver og latt offera i overgrepssaka spele spel på mobilen.

Barnehageansatt erkjenner overgrep mot flere barn

TILTALT: Den tidlegare barnehageassistenten har erkjent straffskuld for overgrep mot fem barn, men er tiltalt for overgrep og seksuelle handlingar mot sju barn.

Foto: Hommedal, Marit / NTB Scanpix/Faksimile fra Facebook

– Han gjorde noko som ikkje er lov.

Slik forklarte eitt av offera i den alvorlege overgrepssaka i barnehagar i Bergen seg i retten i dag. I heile dag har avhøyr av dei sju borna blitt spelt av på ein skjerm i tingretten.

Der fortalde enkelte om korleis den overgrepstiltalte gjorde overgrep då han hadde dei aleine i barnehagen. Andre barn hugsar ikkje noko.

Skjerm av tilrettelagde avhør i retten

FORKLARINGAR FRÅ BARNA: Retten har i to dagar høyrt og sett barna sine forklaringar, tatt frå dette rommet på Barnehuset i Bergen.

Foto: Politiet

Fekk spele spel på mobilen

Til stades i retten er pårørande til barna. Bistandsadvokat Rolf Knudsen, som representerer fem av barna, seier foreldra har førebudd seg godt på det som skal skje i retten.

Som i går fekk retten høyre forklaringa til unge barnehagegutar om kva tiltalte gjorde med dei når dei var aleine.

– Han slutta ikkje. Eg vart lei meg, fortel ein anna gut.

Sjølv om andre barn ikkje hugsar kva den overgrepstiltalte skal ha gjort med dei, så fortel fleire om hemmelegheiter som dei hadde saman med 33-åringen.

Hemmelegheiter som å få smågodt, tyggegummi og få lov til å spele spel på mobilen hans. Knudsen meiner dette er eit klart modus frå den tiltalte.

– Dette er med å danne eit bilete av tiltalte der han har opparbeida seg tillit til barna og gitt dei fordelar som andre ikkje har fått. Det kan ha vore med på å legge til rette for overgrepa som han har erkjent, seier Knudsen til NRK.

Rolv Knudsen

BISTANDSADVOKAT: Rolf Knutsen seier dei pårørande har førebudd seg på at barnas forklaringar blir spelt av i retten. Her saman med politibetjent Hatteberg.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Måtte ta lang pause

På første dag av rettssaka måtte retten slutta tidlegare enn planlagd, då forsvarar var uroa for helsetilstanden til den til tiltalte 33-åringen. Etter ordre frå dommaren fekk tiltalte tilsyn hjå lege og var tilbake i retten i dag.

Men også i dag hadde tiltalte kraftige reaksjonar, noko som førte til ein lengre pause i retten.

Dommar Ove Kjell Hole meinte det var viktig at dei to sakkunnige fekk den tida dei trong med tiltalte. Etter ein halvtime var tiltalte tilbake i stolen og rettssaka kunne halde fram.

Erkjent overgrep mot fem barnehagebarn

Den 33 år gamle tidlegare barnehageassistenten er tiltalt for seksuelle overgrep mot sju barnehagegutar. Då rettssaka byrja måndag, erkjente han straffskuld for overgrep og valdtekt mot fem av barna.

Han nektar straffskuld for seksuelle handlingar mot ytterlegare to barn.

Forsvarar Einar Råen er likevel klar på at tiltalte har eit sterkt ønske om å forklare seg i retten.

– Han har mobilisert krefter og er innstilt på å fullføre. Han fekk legetilsyn og noko behandling i går og seier sjølv det går bra etter forholda.

– Men vil han vera i stand til å forklara seg?

– Han ønskjer å gi retten eit best mogleg grunnlag for å avgjere saka. Han veit også at forklaringa hans har betydning for dei pårørande i saka.