Hopp til innhold

Meiner sikta (33) var med i bilen då drapsoffera blei dumpa

BERGEN TINGRETT (NRK): Alle dei tre drapssikta i Bergen er no varetektsfengsla i fire veker. Politiet meiner offera vart forsøkt skjult for å «motvirke oppklaring av saken».

Funnstedet i Mindefossen like ved Osavatnet

FUNNSTAD: Her, i eit eleveleie ved Osavatnet i Arna, oppdaga turgåarar blodige klede måndag ettermiddag. Kort tid seinare oppdaga politiet den drepne kvinna (29) og mannen i 40-åra.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Den drapssikta mannen møtte ikkje i dagens fengslingsmøte i Bergen tingrett. Hans advokat Erik Johan Mjell opplyser til NRK at klienten er sterkt prega av den alvorlege skuldinga.

33-åringen blei fengsla i fire veker med brev- og besøksforbod, to i full isolasjon. I dei to første vekene har retten lagt ned medieforbod.

Meiner 33-åringen var med i bilen

I rettsavgjerda kjem det fram at politiet meiner 33-åringen var med i bilen då dei avdøde blei frakta og dumpa på funnstaden ved Mindefossen, like ved Osavatnet i Arna.

Politiet har avvist alle spørsmål som korleis, og på kva tidspunkt, dei døde er frakta til Osavatnet. Hovudteorien har sidan starten vore at drapa har skjedd ein annan stad.

«Retten fremhever at de avdøde er fraktet til et annet sted, mest sannsynlig for å motvirke oppklaring av saken», heiter det i avgjerda frå Bergen tingrett.

Mest sannsynleg er offera frakta med bil. Ifølge Bergens Tidende har politiet beslaglagt ein bil i saka, men dette vil ikkje politiet stadfesta overfor NRK torsdag.

– Me har gjort ei rekke beslag i saka, men me kan ikkje konkret seia kva beslag som er gjort, seier påtaleleiar Inger-Lise Høyland i politiet.

Tore Salvesen og Inger Lise Høyland

ETTERFORSKAR: Politiinspektør Tore Salvesen og påtaleleiar Inger-Lise Høyland har ansvaret for etterforskinga.

Foto: Christian Lura / NRK

Etterforskinga held fram torsdag og fredag

Til liks med dei to andre sikta, er 33-åringen straffedømt ei rekkje gongar. Han avviser straffeskuld etter siktinga, opplyser forsvar Mjell.

Politiet står framleis med ubesvarte spørsmål knytt til drapshandlingane og eventuelle skjulte bevis.

Politiet har sidan måndag gjort undersøkingar i og ved eit hospits i Møllendalsveien ved Store Lungegårdsvann og eit kommunalt bustadkompleks på Lone i Arna. På sistnemnde adresse har krimteknikarar halde fram arbeidet onsdag og torsdag.

– Me er ikkje ferdige med undersøkingane i Møllendalsveien, og vil vera der ut heile fredagen, seier Høyland torsdag ettermiddag.

Dei vil heller ikkje utelukka at fleire kan bli pågripne, all den tid at talet på gjerningspersonar ikkje er slått fast.

– Det er ei stor etterforsking, mange involverte og nokre av dei sikta er ikkje avhøyrde enno. Me kan difor ikkje slå fast kva som er hendingsgangen, seier Høyland.

Høyland kan heller ikkje svare på om dei har avklart kva rolle dei tre personane har hatt i ugjerninga. Alle tre er framleis sikta for drap eller medverknad til drap

Teipet igjen to søppelkasser ved hospitset i Møllendalsveien

MØLLENDALSVEIEN: Politiet teiper to bosspann og tek dei med seg. Møllendalsveien blir omtala som sentral i etterforskinga, men er ikkje stadfesta som åstaden for drap.

Foto: Sverre Holm-Nilsen / NRK