Trur den stolne kunsten kan ha hamna i Kina

Verken politiet eller KODE veit noko om kvar den stolne kunsten frå Kinasamlinga har blitt av. Kunsthandlar Einar Tore Ulving trur kunsten kan ha hamna i Kina.

kunst
Foto: Politiet

– Tjuvane seier sjølv at dei har fått 30 000 kroner kvar for dette. Det vil seie at det står nokon bak som har bestilt kunsten. I Kina er det i dag veldig høge prisar på kinesisk kunst, det er veldig sannsynleg at kunsten har gått tilbake der, seier kunsthandlar Ulving.

Det var 5. januar i år at tjuvar raska med seg 23 uerstattelege gjenstandar frå Kinasamlinga til KODE i Bergen. Denne veka starta rettssaka mot dei seks mennene som står tiltalt etter brekket. Dei kan bli dømd etter mafiaparagrafen.

Ein av dei tiltalte forklarte i retten tysdag at han er livredd for bakmannen som bestilte brekket.

Kan ha sirkulert i mange år

Ulving seier at stolen kunst kan sirkulera på marknaden svært lenge.

– Historia har vist oss at veldig ofte vert stole kunst omsett innafor eit kriminelt nettverk, før det etter nokon år dukkar opp igjen på marknaden. Det kan gå veldig mange år.

Kunsthandlaren meiner det er merkeleg at dei ikkje har kome fram nøyaktig kva som er tatt frå Kinasamlinga.

– Det burde vera første steg for å få den tilbake. Kunstforhandlarar og andre må få vite kva som er tatt for å vera obs og følgje med. Korleis skal dei elles få vite at kunsten dei kjøper kan vera tjuvegods, spør han.

– Kan aldri vere sikker

Innbrotet i januar var det andre brekket mot Kinasamlingen på to år. No tek Kode grep for å hindre at kriminelle bandar stikk av med ytterlegare kunstgjenstandar frå den eksklusive samlinga.

Som NRK skreiv måndag er kinakunsten skjult for publikum, og plassert i ein hemmeleg kjellar.

Saka held fram under videoen

Kinakunsten skjules for publikum

Kinakunsten vert skjult for publikum

Ulving seier ein aldri kan vera 100 prosent sikker mot tjuveri dersom ein ønskjer at kunsten skal visast fram.

– Enten må den visast fram, ellers må den låsast inne og gøymast vekk. Når den er tilgjengeleg så er det fare for både hærverk og innbrot frå profesjonelle tjuvar, seier Ulving som alt for godt veit korleis det er å bli utsett for kunsttjuvar.

I 2010 vart han rana i sitt eige hus, der han mellom anna hadde tre Munch-måleri hengande på veggen.

Siste video

Gjengen i Stjernekoret har sunget sammen i flere år, men i høst bestemte dirigenten at koret skulle prøve noe helt nytt.
Brann har inngått avtale med Nike - og med på kjøpet kommer helt nye røde trøyer.
I sesongens siste Skavlan er det duket for landskamp mellom Norge og Sverige: Hvem husker mest fra Skavlan-året? På norsk lag stiller Harald Eia og Josefine Pettersen.