Hopp til innhold

Meiner regjeringa vanskeleggjer integrering

Regjeringa sine innstrammingar i asylpolitikken vil svekka integreringa av innvandrarar, meiner byrådet i Bergen. – Det kjem til å kosta for det norske samfunnet, trur Amin Omar Abdulqadir.

Amin Omar Abdulqadir

INGA GOD LØYSING: Elevrådsleiar Amin Omar Abdulqadir ved Nygård skole seier det er vanskeleg for mange av skulekameratane hans å ikkje veta om dei får bli i landet. – Fleire har også barn og ektefelle som dei vil skal komma til Noreg, fortel han.

Foto: SØLVE RYDLAND / NRK

Byrådet i Bergen trur forslag om meir mellombels opphald vil føra til at fleire vil leva i frykt for å verta kasta ut av landet.

– Dette er jo noko som påverkar om ein klarar å bli godt integrert, seier Amin Omar Abdulqadir.

Han er er elevrådsleiar ved Nygård skole – der innvandrarar får grunnskuleopplæring.

Vanskeleg

19-åringen seier fleire medelevar slit med konsentrasjonen på skulen fordi dei opplever uvisse rundt eigen eller familien sin situasjon i Noreg.

– Det er ganske vanskeleg når ein ventar på eit svar som kan vera både positivt og negativt, seier Abdulqadir.

No fryktar byrådet i Bergen at regjeringa sine føreslegne innstrammingar i utlendingslova vil skada integreringa.

Det nye byrådet i Bergen

DÅRLEG FORSLAG: Byrådet i Bergen er redd forslaget vil hindra god integrering. Sjølv om Arbeidarpartiet, Venstre og Kristeleg folkeparti var med på forliket som ligg bak innstrammingane nasjonalt – vel dei tre byrådspartia no å synga ut.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Språkopplæringa vil lida

– Den uvissa som veldig mange vil oppleva som følge av innstrammingane, vil gjera det vanskelegare for oss å nå dei på ein god måte med språkopplæring og inkludering, seier Erlend Horn.

Byråden for sosial- og integrering (V) fryktar mellom anna at forslaget om bruk av mellombels opphald i opptil to år vil gjera det vanskelegare å få til integreringa.

– Dei som har fått opphald i Noreg skal bli del av det norske samfunn. Då må me ikkje legga opp til forslag som hemmar moglegheita for det.

Mazyar Keshvari, innvandrerpolitiske talsmann i Frp. Blå bakgrunn

Mazyar Keshvari, innvandrerpolitisk talsmann i Frp

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

– Me må ta grep

Innvandringspolitisk talsmann i Frp, Mazyar Keshvari, delar ikkje uroa over at innstrammingane vil svekka integreringa.

– Dessverre gjer omstenda i verda at mange har ein uavklart situasjon. Når me har sett at mange ikkje kjem frå krigsherja område, må me reagera. Me kan ikkje berre sitja og sjå på.

– Kan det ikkje gjera at fleire får livet sitt sett på vent?

– Det er også ei vurdering desse menneska må ta før dei legg ut på denne reisa, seier Keshvari.

Avdelingsleiar på Nygård skole, Sondre Mortvedt, ser mange døme på at uvisse rundt framtida gjer skulekvardagen vanskeleg.

– Dei mister retninga og progresjonen minkar. Draumane blir sett i eit anna lys når dei ikkje veit kor dei skal, seier han.

Nygård skole

OPPLÆRING: Ved Nygård skole i Bergen får innvandrarar norskopplæring. Også her er dei uroa for konsekvensane innstrammingane i utlendingslova kan få.

Foto: SØLVE RYDLAND / NRK

Venta lenge på å få komma til Noreg

Amin Omar Abdulqadir måtte saman med søskena sine venta i Etiopia i halvanna år medan mora fekk søknaden om familiegjenforeining behandla i Noreg.

– Mamma måtte flykte frå terroristane i vårt eige heimland, Somalia, medan me måtte venta hjå bestemora vår i Etiopia. Det var ei tøff tid.

Han trur ikkje regjeringa vil tena på at folk må venta lenger på å få starta livet sitt.

– Det kjem til slutt til å kosta både for regjeringa og det norske samfunnet. Det kan ikkje vera slik.

Sondre Mortvedt

VANSKELEG: Avdelingsleiar for grunnskule for vaksne ved Nygård skole, Sondre Mortvedt, fryktar det kan bli vanskeleg å drifta skulen om det blir mykje uvisse rundt opphaldsløyva til elevane.

Foto: SØLVE RYDLAND / NRK