Hopp til innhold

Slår tilbake mot regjeringa: – Krisa er ikkje over

Ordførar og fagforeininga Nito går ut mot dei kraftige kutta for arbeidsledige regjeringa foreslår.

Marianne Bjorøy

HARDT RÅKA: Ordførar Marianne Bjorøy i oljearbeidar-kommunen Fjell er redd konsekvensane av statsbudsjettet.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

I regjeringa sitt forslag til statsbudsjett vert både krisepakka etter offshorenedgangen og tiltak for langtidsledige fjerna.

Blant argumenta til finansminister Siv Jensen var at krisa i mellom anna oljeindustrien var på veg til å minke. Det får ordførar i Fjell kommune, Marianne Sandahl Bjorøy, til å reagere.

– Krisa er slett ikkje over, seier ho.

Fjell kommune er ein av mange kommunar på Vestlandet som har svært mange tilsette i olje- og leverandørbransjen. Ordføraren får støtte frå både Nav og Nito, fagforeininga for ingeniørar.

Merkar krisa godt

I offshorenæringane merkar dei framleis krisa, ifølgje ingeniørane si fagforeining, Nito.

– Om lag 1000 av våre medlemmar på landsbasis har gått i tolv månader eller meir utan arbeid, fortel visepresident Trude Skogesal.

Ho er uroa og meiner dette er eit stort samfunnsmessig problem.

– Vi ser ei aukande gruppe både i Hordaland, Rogaland og Agder-fylka, seier Skogesal.

Ho fortel at fagforeininga er bekymra for at denne gruppa vert gløymd i statsbudsjettet.

– Vi er redde for at det ikkje er nok middel til å få alle i arbeid, seier ho.

Tor Inge Bjørnestad

LENGE LEDIG: Thor Inge Bjørnestad høyrer til den nye klassen ledige som Nav no uroar seg for: Dei som går lenge utan jobb.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Urovekkande

Sjølv om den generelle arbeidsløysa går nedover, er situasjonen annleis for dei langtidsledige.

I går fortalde NRK om maskinarbeidaren Thor Inge Bjørnestad som utan hell har søkt om lag 50 jobbar sidan februar.

Direktør i Nav Hordaland, Anne Kverneland Bogsnes, fortel at personar mellom 30 og 39 år utgjer den største gruppa.

– Det er urovekkande, for dess lenger du går ledig, dess verre er det å kome ut att i arbeid, seier ho.

Trude Skogesal

UROA: Visepresident i NITO, Trude Skogesal, fryktar dei langtidsledige er gløymd i statsbudsjettet.

Foto: NITO

– Skivebom

Då regjeringa presenterte forslaget til statsbudsjett for neste år, sa arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H) at dei foreslår ei nedtrapping av tiltaksnivået for ledige, sjølv om talet på langtidsledige heldt fram med å stige.

Hauglie seier at regjeringa tar eit krafttak for langtidsledige med tettare og tidlegare oppfølging.

Det er Nito usamd i.

– Situasjonen kjem ikkje til å gå over av seg sjølv. Regjeringa seier at 37 millionar skal gå til motivering til jobbsøking, og det er ein skivebom. Våre medlemmar ynskjer jo ingenting anna enn å jobbe, seier Skogesal.

Ho fortel at deira langtidsledige medlemmar er villige til å skifte bransje, flytte på seg og pendle langt for å få seg ny ingeniørjobb.

– Det er ikkje motivasjonen det står på, seier ho.

CCB Ågotnes brakker

OFFSHORE-KOMMUNE: Her på Ågotnes i Fjell er svært mange tilknytt olje- og leverandørbransjen.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Treng framleis hjelp

I Fjell er arbeidsløysa nemleg framleis på over fire prosent.

Kommunen har fått 20 millionar årleg til krisepakkar sidan oljekrisa ramma Noreg. Neste år kan dei miste desse pengane.

– For oss har denne tiltakspakken vore svært verdifull, seier ordførar Bjorøy.

No fryktar ho at arbeidsløysa vil auke.

– Vi treng framleis draghjelp. Slik det ser ut i dag søkk ikkje arbeidsløysa betydeleg i vår kommune.