Hopp til innhold

Meiner norsk oljeforsking er etisk uforsvarleg

Petroleumsforsking med mål om å finna meir olje og gass bryt med FNs klimamål og er etisk uforsvarleg, hevdar ein fersk rapport. – Forskingsprosjekta må stoppast og dei må stoppast fort, meiner fysikkprofessor.

Oseberg D

Fysikkprofessor ved Universitetet i Bergen meiner petroleumsforsking i Noreg må stoppast. Ein ny rapport konkluderer med at oljeforsking er forskingsetisk uforsvarleg om forskinga bryt med FNs klimamål. Biletet syner Oseberg D på Oseberg-feltet i Nordsjøen.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Forskinga som fysikkprofessor Peter M. Haugan ved Universitetet i Bergen snakkar om, er prosjekt som tek sikte på å finna meir olje og gass. I januar starta han debatten om petroleumsforsking i Noreg er etisk uforsvarleg.

– Klimakrisen gjer forsking for å vinne ut meir olje uetisk, sa UiB-professoren den gongen, og universitetet sende problemstillinga til den nasjonale forskingsetiske komité for naturvitenskap og teknologi.

Onsdag kom svaret frå komiteen.

– Konklusjonen er at petroleumsforsking i Noreg er forskingsetisk uforsvarleg, om forskinga hindrar omstillingsprosessar slik at FNs klimamål ikkje kan oppfyllast, seier sekretariatsleiar Helene Ingierd i komiteen.

– Stopp forskinga!

EU-kommisjonens president José Manuel Barroso og klimakommissær Connie Hedegaard

EU-kommisjonens president José Manuel Barroso presenterte i januar sitt nye forslag til klimamål for 2030 på ein pressekonferanse i Brussel.

Foto: YVES HERMAN / Reuters

Rapporten seier altså at det etisk uforsvarleg å forska på noko som bryt med FNs sine klimamål.

– Desse klimamåla er forpliktingane Noreg har, og er målestokken. Med bakgrunn i det, seier nemnda at det må ein energiomstilling og ein kunnskapsutvikling til. I den grad denne petroleumsforskinga hindrar denne omstillinga, så er det uetisk, utdjupar Ingierd.

Professor Haugan ved UiB meiner dagens svar frå den forskingsetiske komiteen må få konsekvensar for sitt eige universitet og alle andre universitet i Noreg.

– Prosjekta må stoppast og dei må stoppast fort. Det tar lang tid før oljeverksemda stoppar opp, men desse prosjekta må kunne stoggast ganske raskt.

Uvisst om det får konsekvensar

Dag Rune Olsen

SKAL UNDERSØKE RAPPORTEN: Det seier rektor ved Universitetet i Bergen, dag Rune Olsen.

Foto: UiB

Haugan seier at omstilling må til og at Norge må ha ein overgang frå fossilt brensel til fornybar energi innanfor ein tidsskala på 30 til 50 år.

– Noko av det første vi bør slutte med er grunnforsking som tek sikte på å finne meir petroleum eller vinne ut meir, meiner Haugan.

Om konklusjonen frå den forskingsetiske komiteen får konsekvensar for prosjekt som allereie er i gang ved UiB, er for tidleg å seia noko om, ifølge rektor Dag Rune Olsen.

– No skal vi ta ein ordentleg gjennomgang av denne rapporten. Så skal vi sjå på porteføljen vår og korleis dette samsvarar. Vi skal naturlegvis vurdere rapporten og anbefalingane i detalj, og opp i mot vår eiga verksemd, seier rektoren.

Ingierd i den forskingsetiske komiteen meiner det er vanskeleg å seia om rapporten gjer at forskingsprosjekt blir stoppa.

– Det vert stilt mange spørsmål i fråsegnene til universiteta og vi håpar dei vert tekne på alvor. Kanskje tenkjer dei annleis når dei skal fatta nokre av dei strategiske vala på universiteta framover.

– Problematisk

Forsking som direkte eller indirekte tener oljeindustrien blir i dag drive på dei fleste norske universitet, med hovudtyngda i Bergen, Trondheim og Stavanger. Forskinga er finansiert over universiteta sine eigne budsjett, frå staten gjennom Forskingsrådet og av oljeselskapa.

Haugan reiste debatten om norsk petroleumsforsking fordi han såg at pengar frå Statoil til forsking på universitetet bidrog til eit samrøre. Fysikkprofessoren meiner det er problematisk.

– Vi har masse menneske som er involvert i oljeverksemd i offentlegheit, universitet og næringsliv. Smøringsmidlar gjer at ein ikkje stiller dei store spørsmåla ein burde stilla og heller skyv det under teppet og vandrar vidare.

Haugan har fått reaksjonar på utspela sine.

– Eg har høyrt mange som har sagt at dei ikkje likar det, og som føler at eg har kritisert dei. Men eg har ikkje retta kritikken mot enkeltforskarar, men mot institusjonar.