Hopp til innhold

– Norske tunnelar er trygge

Statsminister Jens Stoltenberg forstår at folk er uroa, men meiner at norske tunnelar er trygge å ferdast i. Etter den dramatiske brannen i Gudvangatunnelen måndag, utelukkar ikkje statsministeren at det kjem strakstiltak i norske tunnelar.

Stoltenberg og Gudvangatunnelen

VIL RUSTE OPP: - Problemet er at om det først skjer ei ulukke i ein tunnel, så kan konsekvensane bli så mykje meir alvorleg. Derfor er det viktig at vi gjennomfører opprusting, seier statsminister Jens Stoltenberg. Til venstre brannen i Gudvangatunnelen måndag.

Foto: Monika Blikås/Fredrik Varkjell, NTB scanpix / Montasje

– Eg køyrer mykje tunnel, og eg forstår uroa til folk. Men norske tunnelar er trygge, seier statsminister Jens Stoltenberg (Ap).

Måndag denne veka tok eit vogntog til å brenna inne i Gudvangatunnelen på E16 mellom Vinje og Flåm. Over 70 personar vart evakuerte og sendt til sjukehus, fleire av dei med alvorlege røykskadar.

Føraren av vogntoget er sikta for å ha ført eit køyretøy han visste ikkje var i forsvarleg stand.

Brannsjef Arvid Gilje i Aurland kommune uttalte etter den dramatiske redningsaksjonen at det berre var flaks at ikkje liv gjekk tapt.

– Alvorlege konsekvensar

Statsministeren meiner likevel at norske tunnelar er trygge å ferdast i.

– Ifølgje Statens vegvesen har ingen omkomme av røykutvikling i tunnelar, dei har omkomme som følgje av vanlege trafikkulukker. Risikoen for at det skjer ei ulukke inne i ein tunnel er faktisk litt mindre enn utanfor, seier Stoltenberg før han legg til:

– Men problemet er at om det først skjer ei ulukke i ein tunnel, så kan konsekvensane bli så mykje meir alvorleg. Derfor er det viktig at vi gjennomfører opprusting, noko som er i gong.

– Sett av 10 milliardar kroner

Stoltenberg peikar på dei nye EU-krava som nye tunnelar vert bygde etter. Innan 2019 må også fleire gamle tunnelar i Noreg innfri dei strenge krava til EU.

– I Nasjonal transportplan ligg det inne 10 milliardar kroner til opprusting av vegar, der mykje av det skal gå til tunnel. Vi har seks år på oss til å rusta opp dei gamle tunnelane, forklarar Stoltenberg.

– Er det realistisk å få til?

– Vi skal gjere det beste vi kan, og det er eit samla Storting som står bak. Og då må det vere mogleg å få til, svarar Stoltenberg og seier han forstår at folk er utolmodige.

Vil betra tryggleiken

Mange har etterspurt strakstiltak i Gudvangatunnelen etter ulukka måndag. Stoltenberg vil ikkje seia om tunnelen blir prioritert før andre tunnelar.

– Havarikommisjonen skal gå gjennom ulukka og sjå om det trengst tiltak, svarar Stoltenberg og syner igjen til dei nye EU-krava.

– Nye tunnelar blir bygd etter den, og gamle tunnelar rustast opp i prioritert rekkjefølge. Der har Vegvesenet laga ein handlingsplan over kva tunnelar som er viktigast.

– Om du held fram som statsminister etter valet i haust, lovar du strakstiltak for vegane og tunnelane i Hordaland?

– Då skal det komme tiltak med ein gong som betrar tryggleiken ved vegane i Hordaland, også tunnelane, svarar Stoltenberg.

Rosar redningsmannskapa

Statsministeren fortel at han tidleg fekk beskjed om ulukka i Gudvangatunnelen.

– Det første som gjekk gjennom hovudet mitt var bekymring og redsel for at nokon kunne miste livet.

Statsministeren rosar innsatsen frå brann- og redningsmannskap, som var raskt på plass då branndramaet i den over 11 kilometer lange tunnelen byrja.

– Dei gjorde ein fantastisk innsats, og dei har redda liv, rosar Stoltenberg.